skip to Main Content
Påmelding Friidrett

Påmelding friidrett

Me startar opp med friidrettstrening for dei som går i 3.klasse og oppover.
Treningane blir onsdagar kl 18-19 og fyrste trening blir onsdag 23. august.
Me trenar ute på løpebanen på Eidsbøen.
Me forventar at dei som er med på friidrett er motiverte til å trena, og til å setje seg mål og jobbe for å oppnå dei. Treninga skal vere lystbetont og motiverande. I tillegg til å trene konkret på friidrettsøvingar vil me ha mykje fokus på grunntrening som spenst, styrke, hurtigheit og kondisjon. Me jobbar med å byggje opp att friidrettsgruppa og planlegg deltaking på stevner også utanfor kommunen.

Friidrettsgruppa  har to større arrangement i løpet av året. Dette er Austevollsløpet (september) og Austevollsmeisterskap (mai/juni). Det er forventa at foreldra til dei som er med på friidrett er med på gjennomføringa av desse arrangementa.

Grunna begrensa kapasitet på trenarsida så vil me ta inn maks 25 ungar i friidrettsgruppa. Denne grensa vil me vurdera etter kvart som me kjem i gong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top
Search