skip to Main Content
AIK Tine Fotballskule 2018

AIK Tine Fotballskule 2018

25.-27.juni blir det fotball, leik og moro frå mandag til og med onsdag i trygge omgivelser på Austevoll idrettsanlegg. Aktiviteten vil foregå på våre moderne kunstgrasbaner. Det sportslege opplegget varierer ut frå alder, men gjeldande for alle er at borna får utvikle sine fotballferdigheter der spelarglede, leik og samvær står i sentrum.

Fotballskulen blir i år arrangert for 16.gang, og datoane er;
Mandag 25. juni kl 10.00 – 14.00
Tirsdag 26. juni kl 10.00 – 14.00
Onsdag 27. juni kl 10.00 – 14.00

Kven kan delta:
Jenter og gutar i 1.-7. klasse + dei som byrjar i 1.klasse til hausten (født 2012)

Pris:
Kr 720,- inkl. i pris er billettavgift + lunsj + eit TINE produkt, gratis t-skjorte, ball og sekk!

Ta med : Klede etter veret, fotballsko og drikkeflaske.
NB: Då mange born er samla på ein plass, så husk å merk tinga dine godt.

Først til mølla – kjøp no for å sikre plass på fotballskulen!

Har du spørsmål ang Fotballskulen, send ein e-post til tfl@aik.no

MELD DEG PÅ HER

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top
Search