skip to Main Content
Blir Du Med??

Blir du med??

Austevoll Idrettsklubb ønskjer å gi eit allsidig tilbod til innbyggjarane i Austevoll.
Me jobbar heile tida med å vidareutvikla tilbodet i  klubben.
Pr i dag har me aktivitet i fotball, symjing, klatring, turn, Cheerleading, friidrett ,skøyter  og Badminton .I tillegg har me idrettskule og open dag.
Me har ei innebandygruppa og ei volleyballgruppa som me ønskjer å blåsa meir liv i, og so håpa me at orienteringsgruppa vår blir meir synleg. I tillegg har me lyst å få til småbarnstrimmen igjen, som er eit tilbod til dei som ikkje har begynt på skulen.
For å få dette breie tilbodet treng me frivillige til å hjelpa til, enten som trenar, hjelpetrenar eller vera med å organisera.
Pr i dag treng me folk til idrettskule for 1-4 klasse, nokon til å hjelpa til på open hall ,småbarnstrim ,friidrett 1 frå 1 klasse, Minivolleyball
Me vil prøva å få til eit Barneidrettskurs på Austevoll i haust om nokon har lyst å ha litt grunnleggande opplæring.
Om du har lyst å vera med, so kan du kontakta Anne B PÅ 97614067

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top
×Close search
Søk