skip to Main Content
Bli Med På Friidrett

Bli med på friidrett

Me startar opp med friidrettstrening for dei som går i 3.klasse og oppover.
Treningane blir onsdagar kl 18-19 og fyrste trening blir onsdag 22. august.
Me trenar ute på løpebanen på Eidsbøen.
Me forventar at dei som er med på friidrett er motiverte til å trena, og til å setje seg mål og jobbe for å oppnå dei. Treninga skal vere lystbetont og motiverande.
I tillegg til å trene konkret på friidrettsøvingar vil me ha mykje fokus på grunntrening som spenst, styrke, hurtigheit og kondisjon.
Me jobbar med å byggje opp att friidrettsgruppa og planlegg deltaking på stevner også utanfor kommunen.

Grunna begrensa kapasitet på trenarsida så vil me ta inn maks 25 ungar i friidrettsgruppa. Denne grensa vil me vurdera etter kvart som me kjem i gong.

Påmelding her: 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top
×Close search
Søk