skip to Main Content

Kontaktperson:

Anne Berith Drønen
Tlf: 97 61 40 67
E-post: post@aik.no

Info – utleige

Kontrakt – kortidsutleige

Me kan tilby leige av:

– Stor hall som m.a. kan nyttast til kulturaktivitetar som ballaktivitetar, turn, dans, konsertar. Dessutan eignar hallen seg godt til utstillingar, messer m.m.
– Trimrom på litt over 100 m2 med plass til danseaktivitetar, aerobic m.m.
– Bowling
– Innandørs løpebanar på 60 m
– Sosialt rom der det er kjøpt inn servise til 120 personar
– Kjøken
– Garderobar

Ein kan ha overnatting, men då må ein få godkjenning frå Austevoll brannvesen.

Ein kan leige hallen for arrangement, men med store arrangement må me ha ein parkeringsvakt slik at ein ikkje stenger for tilgang på nødutganger/brannkummer ved ein evt brann.

Reglar og prisar for utleige av Austevollhallen

  1. Austevoll IK v dagleg leiar er ansvarleg for all utleige av Austevollhallen og fastset prisar ein gong i året.
  2. Leige av brukstid til trening/kampar for ein sesong om gongen skjer skriftleg innan 20. juni. Mindre endringar kan skje fram til 10. august. Terminliste vert sett opp seinast 15. august.
  3. Born og unge blir prioritert, samt dei som har fast tid gjennom mange år.
  4. Innandørsaktivitetar som er påmeldt i serie blir prioriterte. Likeeins vert lag som leiger minst 24 veker i sesongen, prioriterte.
  5. Eventuell ledig tid kan leigast ut på timebasis.
  6. Terminfastsette kampar/andre arrangement går føre annan bruk av hallen
Utleige Austevollhallen

UTLEIGE INNTEKTSGJEVANDE ARRANGEMENT I HALLEN:

Idretts- arrangement t.d. fotballturnering:

Berre idrettslag får høve til slikt.
Leigepris er  kr 850,- pr dag.
Leigetakar disponerer også kjøken/sosialt rom.

Lag/organisasjonar:

I hall: kr 6300,- pr dag.
Leigetakar disponerer kjøken/sosialt rom.
Dersom arrangementet går over fleire dagar, er kostnaden
kr 1100,- for kvar dag utover ein dag sjølv om det berre er ein halv dag til f. eks rydding osv.

Private:

Kvart einskild arrangement må sjåast på kvar for seg og takast opp til vurdering /eventuelt vedtak i driftstyret.
Rydding ute rundt hall og skule er arrangør sitt ansvar.
Ved større arrangement må det stillast bankgaranti før kontrakt kan skrivast.

UTLEIGE VED ARRANGEMENT SOM IKKJE ER INNTEKTSGJEVANDE

1/1 Hall: Kr 3.200,-

Kjøken: Kr 420,-

Kjøken og «sosialt rom»:
Kr 850,- for lag/organisasjonar
Kr 2.600,- for private

I tillegg kjem ev kostnader til reinhald.  (sjå prisliste)
Prisane vert dobla dersom det vert vaska helgedagar.  
NB!Ved arrangement som krev ekstra reinhald, vil det i tillegg bli kravd betaling for meirarbeid med ein timepris på 250,- /450,- (kvardag/helg)

Bruk av dansegolv (må avtalast på førehand): kr 3.000,-
Må betalast i tillegg til vanleg leigepris  

Back To Top
Search