skip to Main Content

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, skal krevjast for politiattest.

Austevoll IK  har rutinar for å innhente, registrere og følgje opp politiattestar. Leiarar/trenarar blir opplyst om krav til politiattest, samt vist til rutinar beskrive her ved oppstart kvart år. Handtering vidare administrerast av dagleg leiar.

Følgjande rutinar nyttast:

Politiattest
Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, skal krevjast for politiattest.

Rutinar ved innlevering av attest:
1. Send fullt namn, personnummer, e-postadresse og kva gruppe du er trenar/oppmann i til aik@lysglimt.net

2. Dagleg leiar vil då fylla ut og senda tilbake ei stadfesting på formål med politiattest til deg.

3.https://www.politi.no/tjenester/politiattest/ – her finn du informasjon om politiattesten og elektronisk søknadsskjema. Elektronisk søknadsskjema fyllast ut, og skjema formål med politiattest leggjast ved som fil.

4. Etter omlag 14 dagar vil du få den tilbake frå Politiet. Du leverer attesten til underteikna. Attesten vil bli makulert om du ikkje vil ha den i retur.

NB!: Er ikkje politiattesten framvist innan 3 månader, må det søkjast om ny attest.
Ein kan vera trenar i fleire grupper i Austevoll Idrettsklubb. Attesten gjeld til ein får beskjed om å søkja på nytt.

Korleis behandlar idrettslaget ein person som ikkje ynskjer å innhente politiattest?

Dersom idrettslaget ber om politiattest, men den aktuelle personen ikkje ynskjer å innhente den, skal ikkje vedkomande bli nytta til oppgåver i idrettslaget som inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Den som er valt av styre skal notere ned at vedkomande har unnlate å innlevere politiattest, og oppbevare opplysningane på forsvarleg måte.
Underteikna har teieplikt ovanfor uvedkomande i forhold til dei opplysningane som eventuelt kjem fram.

Politiattest-ansvarlig i AIK er Anne B Drønen Mailadresse:aik@lysglimt.net

Back To Top
Search