A laget 2017

.

 

Austevoll IK har mange trufaste sponsorar, noko me er veldig glade for. Det er dyrt å driva fotball i Austevoll, sidan det kostar ca. 1700 kr i ferjeutgifter pr kamp.
Me er veldig glad for at Nordea, Austevoll Seafood og DOF har signert ny avtale i 2017.
Nye sponsorar i 2017 er Austevoll Kraftlag, som kom inn som shorts-sponsor, og Servicebåtane, som kom inn som sponsor på sokkane.
Macron er vår utstyrsleverandør fram til 2019, og leverer alt av utstyr og klede til fotballgruppa.


A-laget vårt blir i år som i fjor trena av Stig Storebø. Med seg i teamet har han Harald Kolbeinshamn og Robin Romslo.
Dessverre har me mista ein del spelarar i år. Henrik Melingen takka for seg, og la skoa på hylla.
Kristoffer Østervold ville ut att å prøva lykka, og valet hans blei Lysekloster i 3. divisjon.
Markus Vassnes gjekk til Fyllingsdalen
No ønskjer Alexander Dale å prøva lykka utanfor kommunen ein gong til, og valet hans blei OS Turn.

 


Nye spelarar me har fått inn i troppen er alle lokale unge talent.
Øystein Eidsheim (18 år), Ole S Storebø (18 år), Christian Mikkelsen (17 år), Eirik Waage (16 år),
Paal Mangor-Jensen (18 år), Steffen Andre Skår (18 år) og Christian Møgster signerte i år kontrakt med A-laget.
Austevoll ligg pr. i dag på 11. plass med 8 poeng. Dei har vunne 1 kamp, spelt 5 uavgjort og tapt 4. Dessverre blir det lite poeng med mange uavgjorte kamper, og me må kjempa for å halda oss i 4. divisjon.
Dei har skåra 12, og sleppt inn 19 mål. Tord Harald Skår ligg som toppskårar med 4 mål, Joachim Bjånesøy 3, Nils Andre Eidsheim 2 og Kurt Hovland 1.
I siste kampen mot Fana fekk me problem med å stilla lag pga ferie, kort, kurs osv. I den kampen kosta Brede Storebø og Trond Heggestad støvet av skoa, og stilte sporty opp. Me håpa at me kan nytta kompetansen deira på haustsesongen og.
No må me berre bretta opp armane både på bana og i klubben, og jobba med å halda laget i 4. divisjon

 

Bilderesultat for NORDEA.NOBilderesultat for AUSTEVOLL SEAFOOD       http://www.dof.no/Files/System/Logo_ASA_50px.pngcid:image003.png@01D29BFD.4A09E7C0Bilderesultat for MACRONAustevoll Kraftlag