• 1

Bowlinga ute av drift

.

Me mangla nokre deler til banane, so dei blir dessverre stengt ei stund framover

Idrettskulen avsluttar før sommaren

.

Hanne og Anne B vil takka for nokre fine mnd på idrettskulen.
Me har vert gjennom mange idrettar, og håpa de har lyst å fortsetta på nokre av dei.
Me har hatt handball, fotball ,friidrett, volleyball, klatring, badminton og turn i tillegg til mykje leik og moro.
De fekk invitasjon til å vera med på paddetjødne med skøytegruppa.
Dei idrettane me har i klubben vår som me ikkje har vert gjennom enno er orientering og symjing.
Om me får til ei stund i bassenget i Mai/juni, legg e ut info om dette.
Takk til Anita på Badminton, Veronika på klatring og Torbjørn på volleyball for at de ville vera med oss.
Me har hatt da utrulig kjekt på idrettskulen

Yngeltreffet

.

 

 

Denne helga har symjegruppa vore på det uapproberte stemnet Yngeltreffet  arrangert av Vesktansvømmerne. Dette er eit stemne som er spesielt retta mot dei som deltek på  sitt aller første stemne og har eit godt rykte på seg for å vera eit ekstra kjekt stemne.
Det var ni jenter i alderen sju til elleve år som reiste på laurdag for å delta på stemnet som var på Ågotnes. Fire av desse var med for aller første gong.
Alle som var med fekk medaljer og Thea Johansen Våge (10) var nok ekstra kry, då ho fekk gullmedalje på øvinga 25 meter bryst.
Maja Olsson Bjånes (11)  fekk gode plasseringer på alle øvingane, der den beste plasseringa var andreplass på  øvinga 25 meter rygg.
Mariann Våge (10) fekk ei god start på sitt aller første stemnet og fekk seg ei fin fjerdeplass på same øvinga.
Det er berre dei som er fødd i 2006 og seinare som får plasseringsmedaljer. Liv (7), Julia (7), Amalia (7), Mia (9), Sophie (10) og Klara (10) som også var med, må vente til dei bli eldre før dei skal plasserast på listene. Når dei er så unge, skal dei berre ha det gøyt og ikkje tenkja på nok plassering.

Autevollingane var også med på stafett denne gongen også og kapra seg her ei knallgod tredjeplass. Thea, Mia, Mariann og Klara ga jernet her og symde 50 meter bryst kvar sin gong.

 

Utruleg kjekt å få fleire nye symjarar som vågar seg på stemner. Det er så gjevande å  få vera saman med dei andre symjarane og vise fram Austevoll som eit lag vera med i eit stort fellesskap. Alle jentene for heim med et glis om munnen!

 

 

 

Brann kjem til Austevoll

.

Me ble dei heldige som fekk Brann i første runde i cupen.
Dette besøket set me utrulig stor pris på, og me er glad det ble oss i jubileumsåret vårt.
50 år sidan Huftar ble stifta.
Gutane gleda seg
Styret gleda seg
So håper me at de tar turen den 26 April på Austevoll Kunstgras

Ein aktiv dag i hallen

.

 

Måndag morgon kom Yngvar Andersen og Mikael Jørgensen til Austevollhallen.
Yngvar som er treningsguru i Norge. Han er kjent som NRK Puls sin treningsekspert, og er stadig å  sjå  i media. Han har en enkel, tydeleg, ærleg og humørfylt måte å kommunisere på
Mikael jobbar til  dagleg som mental coach hos Olympiatoppen, og jobbar med ein del landslag i Norge.