skip to Main Content

Ope Austevollsmeisterskap i Friidrett

Laurdag 4.mai kl 12 vert det Friidrettsstemne på Eidsbøen. Stevnet er ope for alle frå 5-100 år, og ein treng ikkje å gå på friidrettstrening eller vere tilknytta AIK eller andre idrettslag for å delta.
Øvingar:
60m – alle klassar
400m – alle klassar
Lengde – alle klassar
Liten ball 5-9 år
Kule – 10 år og oppover
For å unngå kø og forseinkingar på stemnedagen kan ein førehandspåmelde seg via e-post. E-posten må innehalde navn, fødslesår og øving deltakaren vil vere med på. Pris pr øving for barn ved førehandspåmelding er kr 35,- (maks kr 100,- i totalpris pr barn), 50 pr øving for vaksne. E-post sendes til post@aik.no innan fredag 3.mai kl 18.00. Avgift betalast til AIK Friidrett kontonr 3470.07.54938 eller Vipps 105518.
Det vert også mulighet til påmelding kl 11-11.45 på stemnedagen. Pris pr øving for barn ved etterpåmelding er kr 50,- (maks kr 150 i totalpris pr barn)
Det vert automatisk tidtaking med godkjente tider, kiosksal og mykje idrettsglede!
Vel møtt!!
AIK Friidrett

Back To Top
Search