skip to Main Content
Rekordar På Rekordar

Rekordar på rekordar

I helga deltok symjegruppa i Aik på to ulike approberte stemne. Fredag var det kun øvinga 400 meter fri symjarane var med på. Sju jenter og ein gut satt alle saman solide nye personlege rekordar. Med forbetring frå 11 sekund til heilt opp 50 sekund, må seiast å vera ei stor bragd. I tillegg tok Thea Våge (12) og Klara Nilsen (11) med seg heim kvar sin bronsemedalje.

Laurdag og sundag var det klart for stemnet Allers Invest arrangert av Bergen Svømmeclubb. På dette stemnet fekk austevollingane heile 30 nye personlege rekorder. Det mangla heller ikkje medaljer her. Ungdommane fekk med seg heim to gull, åtte sølv, sju bronse og tolv plasseringsmedaljer , totalt 36 medaljer. Det må vera ny rekord på eit approbert stemne.

Denne gongen var det også med fire nye jenter, som aldri hadde vore med på eit approbert stemne. Cathrine Østervold (12), Mia H Storebø (12), Helene Sofie Pedersen (11) og Silvia Hufthammer (12) gjorde ei kjempeflott innsats i helga. Med kun ei diskvalifikasjon av totalt 21 øvingar på desse fire jentene imponerte dei stort. I tillegg fekk Silvia ein bronse og gull, Mia sølv og Helene ein bronsemedalje. Noko som er utruleg bra med tanke på at dette var det først stemnet.

Det er iallefall ingen tvil lengre, Austevoll har nokre kjempflinke symjarar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top
×Close search
Search