skip to Main Content

Til Stord med store og små

I helga reiste heile 19 austevollingar for å delta på stemnet Stord Swim Cup. Dei var frå åtte år til 14 år. Nokre av dei  deltok på sitt aller første symjestemnet.

Dei eldste deltok på approbert stemne, medan dei yngste deltok på uapprobert  del. Forskjellen på desse to et at approbert del blir haldt etter regler frå Norges Svømmeforbund og dei har dommarar som ser til at ein sym dei ulike symjeartane riktig. Om du ikkje gjer det, blir du diskvalifisert. På uapprobert del, blir du ikkje diskvalifisert, då alt handlar om at ein skal ha det kjekt.

Dei yngste fekk alle med seg medaljer heim. Medan dei eldste  fekk med seg fire plasserigsmedaljer og i tillegg fekk dei hele 13 nye personlege rekordar.  Nokre av tidene er berre nokre veker gamle, likevel kjem det rekordar på over 18 sekunders betring.

Ingen tvil om at Austevollbadet gjev store gevinstar til både store og små symjarane frå Aik på treningssida.

Back To Top
Search