23.94…BESTE TID PÅ 200M, GJENNOM ALLE TIDER, FOR EIN 14ÅRING I HORDALAND FRIIDRETTSKRETS.
Domas til høgre og Nour til vensre.
23.94…BESTE TID PÅ 200M, GJENNOM ALLE TIDER, FOR EIN 14ÅRING I HORDALAND FRIIDRETTSKRETS.
Denne tida var det vår eigen Domas Abazorius som stod for under Halloweenlekene i Gneist Arena no i helga. Det er ei forbetring av den gamle kretsrekorden i Hordaland friidrettskrets, som Pål Haugen Lillefosse hadde, med 27 hundredelar. Aldri før har nokon 14åring sprunge under 24 sekunder i kretsen. Tida er og sjølvsagt den beste tida i landet innandørs i år i 14årsklassen.
Austevoll hadde 11 utøvarar med på 15 øvingar i helga. Til saman tok dei 3 gull, 3 sølv og ein bronse og sette mange personlege rekordar!
Halloweenlekene vart arrangert over 3 dagar, frå fredag 30.11 til og med sundag 01.11. Det var over 350 deltakarar med frå fjernt og nært.
Fredag.
Jon Dagfinn Augestad Gilborne tek sølv i kule bak Andreas Vladimir Sandin frå Fri, som er 10kjempar og ein av dei mest framgangsrike utøvarane i 2026.

På 200m var 2 av 17åringane vår på startstreken. Då det ikkje var sett opp 200m i deira klasse spang dei i MS (menn senior).
Luca Suyono Giseth vann sitt heat på ny personleg rekord 24.47. Lucas Haukanes Solesvik kom i mål på 26.47 som og er pers. Begge to starta opp med friidrett for nokre månader sidan, så dette lovar godt.
Laurdag.
Laurdag starta med Friske Viljer gjengen. Lars Henning har gleda seg i eit år til å treffa denne gjengen igjen, Han har fått seg mange gode vener her og var tydeleg rørt over å sjå dei igjen.
Øvingane for Friske Viljer var 60m, Kule og stille lengde, og Lars Henning var med på alle tre. Her er litt bilete.

Så starta 60m 14år.
Vanlegvis er Nour Eddin Wael Masharka raskast på denne distansen, men han fekk eit feilskjær i starten og Domas hadde ein feiande avslutning og van 4 hundredelar føre Nour. Ny pers på Domas med 7.66, medan Nour fekk 7.70. Soleklar dobbelsiger til Austevoll.

Ein time seinare var det klart for 200m G14. Eit felt med mange sterke deltakarar. Domas vann suverent med den fantastiske tida 23.94. Nour nummer 2 også han med personleg rekord, 25.38.
Her er løpet. Nour ytterst og Domas nest ytterst…
Høyr Stein Fossen, Norges beste speaker og statistikkfører sine eigne ord om løpet i videoen under.

Sundag
Sundag starta opp me 60m for MU20, men under 20år. Luca og Lucas var med her.
Luca vann suverent med ny pers på 7.50. Lucas fekk og ny pers.
På ettermiddagen var det Kule for G13 og 600m for G12 og 13.
I Kule blei det ikkje full klaff for Tor Sverre denne gangen og han hamna på 4.plass. Ludvig Hodneland Skår blei nummer 7 med ny pers.


I klasse G12 600m hadde me med 3 spreke gutar i eit stort heat.
Matheus Andre Gomez Vågen blei nummer 3 med tida 1.55.48, medan Aksel Haukanes Singdahlsen og Alois Klawitter denne gang kom inn litt over 2 minutt.
Ny i klubben er Marcus Imani Sommerseth i 13årsklassen. Han kom inn på tida 1.59.49. Det er hans første løp på bortebane med oss, og dette var ei fin gjennomkøyring for det som kjem framover.


Frå venstre Matheus, Torunn Haukanes (trenar), Aksel,Alois og Marcus
Link til komplett resultatliste:
https://norway.opentrack.run/nb/x/2026/NOR/halloweenlekene/event/#day3