4 gull, 2 sølv + mange fine resultat i rekruttklassane for Austevoll Friidrett i Nornaleikane 24. og 25 januar.2026
Nornaleikane vart avvikla i Leikvanghallen laurdag og sundag med nærare 300 deltakarar og nesten 800 enkeltstartar. Austevoll hadde 11 påmelde på 23 øvingar. Litt influensa så me mangla 3 av dei på start.
4 gull, 2 sølv og mange flotte resultat i rekruttklassane vart det.
Nour vårt nye supertalent vann 2 gull og ein sølv. Laurdag vann han 200m på tida 26.70. Søndag vart han nummer 2 med tida 7.94, som er ny pers, berre 9 hundredeler bak, Samuel Chibueze Nwauge frå Fyllingsdalen IL, som vann på 7.85. Dei er begge topp i landet i sine årsklassar i sprintøvingar. Nour følgte opp med å vinna 400m eit par timar seinare. Første gang han sprang denne distansen, så litt forsiktig for å testa, men haldt til soleklar siger.

Nour øverst på pallen på 200m.
Nour sin start på 60m.
Kulestøt brødrene Jon Dagfinn, Tor Sverre og Lars Martin to og medaljer. Jonn Dagfinn van 16årsklassen (5kg) med 8.90, Tor Sverre vann 13årsklassen (3kg) med 8.50. Lars Martin to sølv (2kg) med 5.80.


Frå venstre: Tor Sverre, Lars Martin og Jonn Dagfinn. Bilde 2 Ludvig Hodneland Skår
Debutant både i kule og på friidrettsstemne i det heile, Ludvig Hodneland Skår gjorde ein fin innsats og storkoste seg.
Mange av rekruttane våre hevda seg heilt i toppen og viktigast av alt alle hadde ein fantastisk kjekke dag. Her er nokre bilete…



Frå venstre Hektor på 60m(Svart drakt) Bilde 2 Hektor på sigerspallen. Bilde 3 Penny i kulestøt og Theodor og Jakob på sigerspallen
Austevoll Friidrett var og med litt på arrangørsida. Bjørn Ove var startar nokre timar på søndagen.


Her ein som ventar på å bli gamal nok til å få delta. Emmett Dåvøy. Det blir han allereie til neste stemne, som er Pingvinleikane i Gneist Arena 6. – 8. februar, Alle som blir 6år i år og eldre kan delta.

Me vonar at flest mogeleg har anledning til å vera med då. Ring Svein H 90165709 eller send e-post til friidrett@aik.no for å melda på…