Ønskjer din bedrift å leige bowlinga i Austevollhallen?
Me ønskjer å invitera aktuelle bedrifter på opplæringskurs, slik at bedriftene kan bruke bowlingbanene med eigen vakt.
Ønskjer bedrifta å leige bowlinga, er det mulig å få avsett ei fast tid om ønskelig. (utanom fast opningstider)
Me har to bowlingbanar i Austevollhallen.
Prisar :
Kr 200,- pr bane pr time
Kr 300,- for to baner pr time
For å gå leige må ein ha opplæringskurs.
Har ein ikkje det må ein leige bowlingvakt i tillegg.
Kursa er eit par ganger i året ,og er gratis.
For å leige bowlinga må ein signere på ein kontrakt at ein har satt seg inn i branninstruksen.
Når ein er ferdig må ein ta boss ol med seg,og kasta i containeren på skuleplassen.
Ring Anne Berith Drønen på tlf 97 61 40 67 for meir informasjon