skip to Main Content

ÅTTE SVØMMEJENTER HAR KVALIFISERT SEG TIL LÅMØ

Svømmegruppa i Austevoll idrettsklubb har delteke på stemne i helga. Ti austevollsjenter deltok i alder 11-15 år. Svømmegruppa har no åtte utøvarar som har kvalifsert seg til Låmø.

Aldri har det vore så mange har kvalifisert seg. Desse er Ingvild Sandtorv, Julia Våge, Liv Våge, Margrethe Karlsen, Mia Sørvik, Klara Nilsen, Silvia Hufthammer og Klara Nilsen.

Låmø er Landsel Årsklassemønstring og blir halde 5 ulike regioner. Det er dei 24 beste i kvar klasse i sin region gjennom fem ulike øvinger som blir kvalifisert. Dette gjeld for dei som er 13 og over. Dei under 13 år blir kvalifsert ved å ha gyldig tid i alle dei 5 øvingane.

Låmø for region Vest blir i år arrangert i Førde.

Aldri før har vi starta sesongen så tidleg med eit symjestemne, men sidan Låmø i år er blitt flytta frå mars til september, vart det slik.

Det var stor spenning knytta til om ferien hadde satt for store spor i formen. Men desse jentene klarte faktisk å setja 17 nye personlege rekordar og tok med seg fem gull, fire sølv, tre bronse og sju plasseringsmedalje, totalt 19 medaljer.

 

Navn: Antall perser Beste tid i sek Øving
Ingvild 3 5,02 100 m rygg
Thea 2 1,64 100 m butterfly
Bertine 3 3,33 200 m medley
Mia Sø 4 9,18 200 m medley
Silvia 1 1,05 200 m bryst
Amanda 1 9,92 200 m medley
Julia 1 0,12 200 m rygg
Margrethe 2 13,48 200 m bryst
Liv 1 4,34 100 m butterfly

 

Back To Top
Søk