skip to Main Content

AUSTEVOLL-LEIKANE 07.05.2023

AUSTEVOLL-LEIKANE 2023

 SUNDAG 7. MAI KL 12.00

 

Vi inviterer til Austevoll-leikane, som er eit nasjonalt stemne og er godkjent som WA arrangement. Stemnet vert arrangert på Austevoll Idrettsanlegg. Rekrutteringsklassar startar kl 12.00, medan stemnet elles startar kl 12.45.

Stemnet er ope for alle og me ynskjer rekruttar, gutar og jenter, kvinner og menn i senior- og veteranklassar hjarteleg velkomne.

ØVINGAR:

Jenter / gutar rekruttering: Førskule + 6 – 7 – 8 – 9 år: 40m (Premie til alle ved målgang.)

Parautøvarar 60m

Jenter / gutar 10 – 14: 60m – 800m – kule – lengde

Jenter / gutar 15 – 19: 100m – 800m – kule – lengde

Kvinner / menn senior: 100m – 200m – 800m – 5000m – lengde – kule

Kvinner / menn veteran: 100m – 5000m – lengde – kule

Påmelding kan gjerast online på Isonen.no (https://isonen.no/event/cl8munnof66575315nignbbsk8t/), eller på e-post til austevollsleikane@gmail.com frå 1.04. – 05.05.2022. (Spørsmål? Ring 90165709 Svein H).

Ein kan betala startkontingent, som er 100 kr for kvar øving for 13 år og oppover og 50 kr for born under 13 år, til bankkonto nr. 3628.07.15179  eller Vipps nr. 91513.

Premiering: Rekruttering  12 år og yngre, deltakarmedalje. Jenter / gutar 11 – 12 år medaljar til dei 3 beste ( + deltakarmedalje). Jenter / gutar 13 – 19, 1/3 premiering. Det vert gitt premiar for høgste poengsum i løp – hop – kast.

Senior / veteran: Fine premiar til 1/3, samt bestemannspremiar.

Vi ønskjer deltakarar og leiarar velkomne til Austevoll.

Ferje Krokeide – Hufthamar 09.40 (På plass 10.30) og 11.10 (På plass 12.00).

Ferje Sandvikvåg – Husavik 10.50  (På plass 11.30) Denne ferja er gratis.

Back To Top
Search