skip to Main Content

AIK Friidrett vil i mai arrangere Idrettsleiker for alle barn i skulealder.

Idrettsleikane vil vere i form av 5 treningsøkter på 1,5t på ettermiddagar samt deltaking på Austevollsmeisterskap 5.juni.

På treningane vert ungane delt i grupper etter alder og vil trene på mange ulike ferdigheiter. Kvar treningsøkt blir avslutta med litt sunn kveldsmat som er sponsa av bl.a Austevoll Helselag og Lerøy Sjøtroll.
Alt føregår på banen på Eidsbøen.

Datoar:

Onsdag 3.mai 17.30-19

Onsdag 10.mai 17.30-19

Mandag 15.mai 17.30-19 (grunna 17.mai onsdagen)

Onsdag 24.mai 17.30-19

Onsdag 31.mai 17.30-19

Austevollsmeisterkap mandag 5.juni (2.pinsedag) kl 12.00

Det er totalt 50 plassar på Idrettsleikane.

Pris; kr 300,-. Dette inkluderer t-skjorte, diplom, kveldsmat, samt deltaking og medalje på Austevollsmeisterskapen

 

Påmelding: https://www.deltager.no/Idrettsleker/forside (Velg Hordaland og deretter Austevoll)

Vel møtt til friidrettsleik!

Nina     –    Line     –   Torunn    –    Margaret

Back To Top
×Close search
Search