BESTE OG NEST BEST I LANDE FOR NOUR I LEIKVANGHALLEN 29.11 OG 30.11.2025
Austevoll deltok i helga med 10 deltakarar på det nasjonale innandørsstemne i Leikvanghallen, som var arrangert av Fana IL.
For Austevoll vart det topp tid i lande på 60m og ei nestbest i landet tid på 200m i 13års klassen for gutar… 4 gull og ein sølv medalje… pluss ein fantastisk fin innsats frå deltakarane i rekruttklassane. Humøret var på topp og me hadde ei flott helg saman med deltakarar, foreldre og trenarar.
Laurdag var det 60m og lengde som sto på programmet. Her deltok Penny, Hektor, Theodor og Jakob alle med på begge øvingarne. I tillegg hadde me med Nour på 60m i 13års klassen. Han sprang inn til beste tid innendørs i landet i år med tida 7.96.
Her litt stemningsbileter frå laurdagen…




Bilete 1 Penny Dåvøy fornøgd med fin medalje.. Bilete 2. Hektor Dåvøy ventar spent på start 60m. Bilete 3. Hektor i fint driv på 60m. Bilete 4. Hektor får medalje saman med jamnaldrande deltakarar.


Theodor får gode råd hos mamma før start. Bilete 2 frå venstre Jakob Drivenes Brekke og Theodor Sandvik studerer fornøgd medaljane sine.


Nour Eddin Weal Mashark blei den store stjerna på stemnet og vann både 60m og 200m. Han har no bestetid i landet på 60m i sin klasse med 7.96 og nest beste tid i landet på 200m innandørs med.. 26.16. Her saman med Nour på 60m pallen nr.2 Jonathan Steinsland Ursin, Bjarg og nr. 3 Johannes Olsen Trædal, Norna Salhus. Alle høgt oppe på landsstatestikken.
Stemningsbilete frå Sundag.

Her er utøvarar og trenarar som var i aksjon Sundag: Frå venstre Janne Jakobsen, NourEddin Weal Mashark , Jonn Dagfinn Gilborne Augestad, Tor Sverre Gilborne Augestad, Lars Martin Gilborne Augestad, Aksel Singdhalsen Haukanes, Mathea Waage- Haugland, Torunn Haukanes og til slutt, med brei beinstilling , Svein Harald Haukanes. (når ein er 71 må ein passa på balansen)


Mathea Waage-Haugland debuterte på bane innandørs. Her spring ho så fort at biletet blir uklart… Ho var med på 200m og 600m. Arrangøren fekk problem med tidtakaranlegget så det vart ingen tid på 200m. Dei fekk difor tilbod om å springa omatt. Dette vart så nært opp mot 600m at ho valgde å stå over og satsa berre på 600m. Der gjekk det unno og ho blei nummer 2.



Aksel har heller ikkje delteke i innandørshall før. Han deltok på 200m og 600m. Her bilete før og etter 200m. Stort felt på 600m, Aksel innerts ved lista. Avlutta 600m med ein solid spurt og tok mange plassar på slutten.
H




Kulestøtbrødrene Jonn Dagrinn, Tor Sverre g Lars Martin Gilborne Augestad. Jonn Dagfinn og Tor Sverre vant kvar si klasse. Lars Martin deltok i rekruttklassane.

Sigerspallen på 200m. Desse 3 kom i mål i same rekkjefølgje som på 60m dagen før. Nr 1. Nour, 2. Jonathan og nr. 3 Johannes.