EXTRALEKENE GJESDAL 5. OG 6. SEPTEMBER 2026
EXTRALEKENE GJESDAL 5. OG 6. SEPTEMBER 2026
Extralekene vart arrangert i helga i Gjesdal Idrettspark på Ålgård Stadion.
Dette er ein konkurranse mellom kretsane Rogaland, Agder og Hordaland. Det vert arrangert tilsvarande kretskampar mellom andre kretsar rundt om i landet samstundes.
I Hordaland krins er det Ungdomsutvalet som tek ut dei beste utøvarane i kvar øving til å delta på kretslaget. Austevoll Friidrett hadde i år fem utøvarar som vart tekne ut, men berre tre av dei hadde høve til å reisa.
Extralekene starta langt tilbake som Donald Duck-lekene, og var den gong for 11- og 12-åringar. Seinare vart dette til Lerøy-lekene og endra til ein konkurranse for 13- og 14-åringar. I år vart namnet endra til Extralekene, etter at den nye sponsoren tok over.
Pøsande regn og kraftig vind
Laurdag kl. 12.00 var det innmarsj, og laga marsjerte på rekkje og rad inn på stadion i eit pøsande regnvêr og kraftig vind. Dette vêret heldt seg gjennom heile dagen, så me var ganske gjennomvåte då dagen var slutt. Likevel gjekk alt etter programmet.


Bilde 1. Hordaland gjer seg klar til innmarsj. Bilde 2 Alle laga oppstilte.
Først ut på laurdag var Tor Sverre, som støyta kule. Han vart forbigått med berre nokre få centimeter i siste omgang og måtte dermed nøya seg med 4. plass. Resultatet var denne gongen ein del svakare enn personleg rekord.
Nour og Domas fekk også vera med i kule, som sjølvsagt ikkje er spesialøvinga deira. Likevel klarte Domas å sikra seg ein flott 3. plass med eit støyt på 9,23 meter, som også var ny pers. Nour tok ein fin 5. plass.

Domas i Kule
På 200 meter klarte vår nye mann i friidrettsgruppa, Domas Abazorius, å sikra seg ein flott 3. plass i 14-årsklassen. Han sette samtidig ny pers med tida 25,24.
Nour, som har vore litt sjuk i det siste og også hadde eit par vondter, måtte denne gongen nøya seg med 5. plass.

Premieutdeling 200. Domas på 3.
Søndag med heilt andre forhold
Søndag var vêret heilt noko anna – det var nesten som å koma til ei ny verd.
Tor Sverre var først ut søndag også. Målet var ny pers, og han var tett oppunder med eit resultat på 19,04 meter. Persen er 20,00 meter. Styrken er absolutt der, men med berre eit par treningar på ei myr i Austevoll er det sjølvsagt mykje å henta på teknikken.
Tor Sverre i sleggeringen.
60 meter for gutar 14 år starta med forsøksheat, og begge våre utøvarar kvalifiserte seg til finalen.
Finaleheatet var råsterkt. Mange av dei beste i landet stod på startstreken. Den som hadde den beste persen av våre, var Nour. Dessverre nådde han ikkje heilt opp etter sjukdom, men tok likevel ein flott 3. plass.
Feltet var tett som hagl, og det var berre hundredelar som skilde fleire av utøvarane. Domas sprang inn til ein fin 5. plass, men hadde ikkje hundredelane på si side denne gongen. Han fekk tida 7,88.

Nour på 3. på 60m.
Hordaland vann kretskampen
Då alle poenga frå kretskampen var talde opp, kunne Hordaland jubla for sigeren og lyfta pokalen. Rogaland vart nummer to, medan Agder tok tredjeplassen.

Hordaland hever pokalen etter sigeren.
Her er resultatlist:
https://resultater.gjesdal-il.com/extralekene2026/menu.html
Eit fint stemne, og all honnør til Ungdomsutvalet i Hordaland Idrettskrets, som gjorde ein glimrande jobb med å halda styr på alle utøvarane.