skip to Main Content

FANALEKENE 8-10 MAI 2026

Debutant på bortestemner Lars Cooper Teigen

Fanalekene gjekk av stabelen no i helga 8-10.mai. Fanalekene er eit WA godkjent stemne sameleis som Austevoll-Leikane som går 30.mai. Det var 317 påmelde til stemnet. Litt kaldt og surt, men det hindra ikkje deltakarar, foreldre og funksjonera i å kosa seg.

Austevoll stilte med 10 deltakarar denne gangen, og sanka inn 3 gull, 3 sølv, 3 bronse pluss mange fine  topp resultat i rekruttklassane . I tillegg deltok Lars-Henning i UFK klassen.

FREDAG

Fredag var det duka for ny øving for brørne Gilborne Augestad. Slegge har ingen av dei kasta før. Me har slegger frå den tida Austevoll Idrettsanlegg hadde grasbane, men no er det ikkje mogeleg å kasta slegge der lenger. Eg tok dei difor med til ein bakke der det gjekk ann å prøva. Her fekk dei testa korleis det er å snurra rundt med slegga eit par gonger. Det viste seg at dette virka. I konkurransen kasta Jonn Dagfinn (G16)15.55 og vann si klasse, medan Tor Sverre (G13) vart nummer 3 med 13.00m

Jonn Dagfinn og Tor Sverre debuterer i slegge

Nour, klasse G14, var med på 60m på fredagen. Dessverre glippa han i starten og kom langt på etterskott. Likevel klarte han å ta ein 3. plass på same tid som nummer 2, som var Johannes Olson Trædal frå Norna Salhus, som og fekk 7.94. Vinnar vart Samuel Chibueze Nwaugo frå Fyllingen IL på 7,74.

LAURDAG

Laurdag hadde me med 3 gutar på 600m. 2 i G12 årsklassen og 1 i G11 klassen.

Gustav John Klawitter vart nummer 2 i G11 med tida 2,06,89. Vinnaren var eit godt stykke før. Sivert Stave-Wigene frå Haugesund IL (son til ikkje ukjende Susanne Wigene)  fekk tida 1.57.29. Nr 3, eit godt stykke bak, var Lyder Amundsen Monsen frå Øygarden IL med 2,23,95.

På 600 G12 var Aksel Haukanes Singdahlsen og Alois Carl Klawitter med. Alois blei nummer 3 på tida 2.03.80 og Aksel nr 4 på 2,04,15.

Nour  (G14) sprang 100m for første gang. Her klaffa starten og han leda til det var berre 5 meter att, då lurte Samuel seg forbi. Nour nr2 på tida 12.78 og Samuel nr.1 på 12.45. nr 3 vart Eskil Silgjerd Hartvedt, Fyllingen IL  på tida 13,11.

 

 

SØNDAG

Jonn Dagfinn og Tor Sverre var i sving igjen i Kule

Tor Sverre (G13) vann kule berre nokre centimeter bak sin eigen rekord, som er bestenotering i friidrettskretsen i år, med resultatet 8,47 i 3kg kule.

Jonn Dagfinn vann G16 med resultatet 8,63 (5kg kule)

 

Nour la ut på sin 3 konkurranse for helga, denne gang 200m. Her glapp det i starten som på fredag på 60m. Nour sprang godt på slutten og klarte å berga 2 plassen etter å ha sprunge best av alle på oppløpssida. Tida vart 25,86, som likevel er pers. Lover godt for sesongen vidare. Vinnar vart Samuel med tida 25,17. Nummer 3 vart Johannes Olson Trædal, Norna Salhus med 25,93. Dessverre var det litt for mykje medvind til at tidene vert godkjende.

I UFK klassen deltok Lars-Henning Møgster i Liten Ball, Lengde og på 80m. Alle Friske Viljer frå Gneist var med, så Lars-Henning hadde ein fantastisk dag. Liten Ball 11,70, Lengde 1,34 og 80m 19,49.

Me hadde med 3 rekrutter 2 i G8 og ein i G9 klassen. Dei hevda seg svært godt.

G9 Lars Cooper Teigen                         60m 7,62         Lengde 2,24   Liten Ball 11,81 Debutant på reisestemner.

G8 Jakob Drivenes Brekke                   60m 8,42         Lengde 2,18   Liten Ball 21,81

G8 Theodor Sandvik                               60m 8,19         Lengde 2,45   Liten Ball 19,02

I tillegg til å ha utøvarar med hadde me og ein startar med i startarteamet. Den utsendte var denne gangen Bjørn-Ove Dåvøy!

Litt bilete elles…

Laurdagsgjengen…frå venstre Alois, Nour,Aksel og Gustav. Bilde 2. Nour, Svein H og Lars-Henning diskuterer opplegget…

No ser me fram til vårt eige stemne, Austevoll-Leikane, laurdag 30.mai. Det er berre å melda seg på!

Back To Top
Search