skip to Main Content

Handlingsplan

Dokument 2017

Haldningskontrakt

Dokument 2017

Utarbeida av Fair Play-utvalet i Austevoll Kommune –
eit samarbeid mellom Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL.

I sesongen 2011 vart det satt meir fokus på Fair Play i fotballen i Austevoll. Blant anna fekk klubbane ein Fair Play ansvarleg. I januar 2012 var ein av dei Fair Play ansvarlege på samling saman med andre klubbar i Hordaland Fotballkrets. Der vart det utveksla erfaringar i samband med Fair Play arbeidet som vert gjort i kretsen vår. Då kom idèen om at det hadde vore kjekt å opprette eit felles Fair Play-utval for dei 3 klubbene i kommunen vår. Utvalet vart etablert, og består av representantar frå Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL.

I fotballsesongen 2012 satte me i gong ulike tiltak som er felles for klubbane. Me fekk to representanter frå kvar av klubbane, ein frå barnefotball og ein for ungdomsfotball. Me satte oss felles mål og retningslinjer:

*Fair Play-helsing før og etter alle kampar
*Kampvert i barne- og ungdomsfotball
*Haldningskontraktar for alle spelarar
*Årets Fair Play lag i Austevoll Kommune
*Promotera Fair Play på klubbane sine nettsider
*Skaffa Fair Play sponsor

Med bakgrunn i dette arbeidet, sendte me inn ein søknad om å bli årets Fair Play klubb i Hordaland Fotballkrets- og me vann! Prisen for Årets Fair Play-klubb 2012 ble 16.1. utdelt til idrettslaga Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL. Det har aldri skjedd før at tre klubbar saman har fått årets Fair play-pris, men Selbjørn Idrettslag, Austevoll Idrettsklubb og Hundvåkøy idrettslag har verkeleg vist korleis det skal gjerast. 12.januar 2013 var alle Austevollsklubbane representert på årets Fair Play samling i Hordaland og me haldt eit innlegg om arbeidet me har gjort her i kommunen. I tillegg fekk me mange gode innspel til vidare arbeid.

Denne handlingsplanen er meint å vere en beskrivelse av korleis me skal oppnå måla me har sett oss.

Back To Top
Search