skip to Main Content
1 veke siden
SKAL ME SLÅ DELTAKARREKORDEN? DÅ MÅ DU VERA MED 17.10![]()
I OL året 1994 vart det deltakarrekord for Austevollsløpet. Dette kan me takka Kong Harald for.![]()
Under førebuingane til OL, kritiserte Vegard Ulvang IOC systemet, og dette gjorde IOC President Juan Antonio Samaranch svært sur, så sur at han ville avlysa Lillehammer OL og reisa heim. For vår OL president Gerhard Heiberg var no råda dyre. Han vende seg difor til Kong Harald, som var ein god ven, og bad om råd. Kongen tok dette på strak arm og inviterte likegodt Samaranch til middag på slottet. Som den idrettsentusiast Kongen var klarte han å snu situasjonen og OL 1994 vart ifølge Samaranch «The best Winter Olympic ever»![]()
Kva har så dette med Austevollsløpet å gjera?![]()
Etter eit fantastisk OL ville sjølvsagt mange ha tak i Gerhard Heiberg og det ville me og. Me inviterte han til å vera startar og premieutdelar i Austevollsløpet, og det sa han ja til. Han var faktisk her i to dagar, der me la opp eit interessant program for han, der han blant anna fekk læra litt om slakting av villsau. Skinnet og hovudet av villsauen er nok framleis på plass hos Heiberg. Harald Otterå var ein sentral person for å få han hit. Sjølv var eg speaker og sat med Heiberg i speakerboden medan løpet vart avvikla.![]()
Deltakar rekord vart det. 242 deltakarar stilte til start. I tillegg var det 91 born med på Mini-Mini Maraton. Det var nok publikumsrekord og, men dei vart aldri talde.![]()
No vonar me å slå rekorden!
Me har allereie god påmelding på halvmaraton. Ein del har meldt seg på 5km krinsmeisterskap og Austevollsløpet 5km, men her vonar me på mange fleire. Dette er ein fin distanse som kven som helst kan klara å fullføra i sitt tempo.![]()
I år har me laga ein fin deal for foreldre og besteforeldre som har med seg Mini-Mini Maraton deltakarar. Når Mini-Mini er ferdig tilbyr me oss å engasjera borna i hallen, medan foreldre, besteforeldre spring 5km. Det kan ikkje bli betre enn dette.![]()
Mini-Mini Maraton (0-10år), som startar 12.30 er GRATIS. Påmelding til denne må sendast på e-post til friidrett@aik.no. Me treng fult namn fødselsdag og år. Det er best for oss dersom de sender dette i litt god tid, så me får oversikt før den store dagen.
Påmelding til 5km gjer de på denne linken.![]()
https://signup.eqtiming.com/signup/austevollslopet-med-innlagt-km-5km-og-halvmaraton-landevegslop/…![]()
Austevollsløpet 5km kan kven som helst som er 11 år eller eldre melda seg på til. Dersom de vil vera med på KM 5km og kjempa om Krinsmeistermedaljar i tillegg, må ein vera medlem i ein friidrettsklubb. Dersom du er medlem i Austevoll IK i ei anna gruppe er det berre å kryssa av for friidrett i medlemskapet i tillegg, så er alt greitt. Dersom spørsmål ta kontakt (90165709).![]()
Legg og med eit fint innlegg i Marsteinen frå torsdag 15.september 1983 då løpet vart arrangert for 2. gong. Løypa gjekk frå Vinnes til Selbjørn skule. På startstreken her var både ordførar og to distriktslegar. Nokre hadde anonyme politiske motiv om å slå høgreordføraren😀![]()
Er det nokon som kjenner seg att her frå 1994?
... Les meirMinimer
Back To Top