skip to Main Content

Ledig stilling – Administrativ leiar

Austevoll IK Fotball søkjer ein engasjert og strukturert administrativ leiar i 80% stilling, med ansvar for administrativ og operativ drift av fotballgruppa. Stillinga inneber tett samarbeid med dagleg leiar i AIK og det må påreknast noko kvelds- og helgearbeid.

Arbeidsoppgåver:
• Oppfølging av henvendingar fra lag, krets/forbund og samarbeidspartnere
• Koordinering av aktivitetar og arrangement
• Ansvar for ulike klubbverktøy (t.d. SPOND og FIKS)
• Ansvar og koordinering av klede og utstyr
• Økonomioppfølging
• Kartleggja offentlege støtteordningar og søkja om diverse tilskot

Kvalifikasjonar:
• Strukturert og sjølvstendig
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Erfaring frå idrettslag/organisasjonsarbeid er ein fordel
• Kjennskap til fotballsystem er ein fordel, men ikkje krav

Me tilbyr:
• Varierte arbeidsoppgåver i eit aktivt og inkluderande idrettslag
• Stor grad av fleksibilitet og fridom til å påverka eigen arbeidsdag
• Løn etter avtale

Søknadsfrist 12.01.2026 (søknad sendast til e-post: fotball@aik.no)

Tiltredelse: Snarast

Spørsmål rundt stillinga?
Kontaktperson Lena Bjorøy (dagleg leiar AIK), tlf 922 84 459, lena.bjoroy@aik.no

Back To Top
Search