skip to Main Content

OPNING AV DEN NYE GNEIST ARENA. HALLOWEENLEKENE

Austrevoll Friidrett hadde 16 jenter og gutar påmelde til Halloweenlekane laurdag 1. november. Halloweenlekene gjekk over 3 dagar, fredag, laurdag og sundag. Fredag var ein dag først og fremst for senior og veteraner, medan laurdag og sundag var for barn og ungdom. Eit stort spektrum av øvingar vart avikla desse dagane. Austevoll konsentrerte seg om 40m, 60m 200m, lengde og kule.

Desseverre var det berre Friske viljer som fekk støyta kule denne gangen. Dei brukte gummierte kuler.  Då arrangørene ikkje fekk mattene som måtte til for ordinære konkurransekuler, blei det ikkje mulig for dei andre kulestøytarane våre å vera med denne gangen.

Vår eigen Lars Henning Møgster deltok i klasse for Friske Viljer i kule og på 60m. Dette var stor stas. Det viste seg at han traff igjen mangen som var på landssamling i Bodø tidlegare. Lars Henning gjorde ein fin konkuranse og sidan han ikkje har vore med på innandørsstemner før vart det sjølvsagt nye personlege innandørs rekordar. I kule var han berre ein centimeter frå sin personlege rekord utandørs, med resultatet 5.96.

Litt sjukdom reduserte troppen vår til 13 deltakarar. Desse 13/med foreldre storkoste seg i den nye fine hallen. Mange fine resultat vart det og.

Her finn de resultatene. ( Klikk på øving, klasse og heat for å finna resultat…)

https://norway.opentrack.run/nb/x/2025/NOR/halloweenlekene/event/#day2

Vår nye komet Nour vann tidlegare i haurst Lerøy- Lekene både på 60m og 200m i 13års klassen, med dei glimrande tidene 7,99 og 26.06. Det er vanskelegare å få til utendørstider på ein 200m innandørsbane, likevel blei det 2 fantastiske løp. Nour blei så vidt slått av eit nytt stjerneskot både på 60m og 200m denne gangen. Det var sjølvsagt ikkje noko han syntes om, men tidene på Nour og Samuel var fantastiske og ligg heilt i norgestoppen. Nour fekk 8,03 medan Samuel vann på 7,97 på 60m. På 200m vart tidene 25,88 på Samuel og 26.16 på Nour. Dette er dei 2 beste tidene innendørs i landet i år i 13års klassen for gutar.

Nour nermast…

Her ser de 200m løpet …Nour i bane 5…

 

Dei fleste rekruttane våre var med på 40m, 60m og lengde, ein god del resultater heilt i toppen,så her har med mykje å gleda oss til.

Desse rekruttane var med:

Noah, Daniel, Jakob, Hektor, Penny, Mia, Celina, Norella, Lykke, Andrine, Cornelia. Det var ein god del til som ville vore med, men som det dessverre ikkje passa inn i planane for denne helga. Det går fint… for det blir fleire stemner frammover.

Her er litt stemningsbilete frå rekruttklassane…

 

Back To Top
Search