RESULTAT FRÅ AUSTEVOLLSMEISTERSKAPET
RESULTAT AUSTEVOLLSMEISTERSKAPET
Eg vil starta med å heidra dei fantastiske funksjonærane våre, som denne dagen talde 30 personar. Me har fått ein fantastisk gjeng som gjer ein heilt super innsats.
På bildet over ser de nokre av dei.
Rundt 90 påmelde, med til saman 180 startar, var i sving i Austevollsmeisterskapet laurdag 29.08.
Av desse var rundt 60 rekruttar, 6–10 år, og førskule opp til 5 år. Idrettsgleda var stor, og svært mange var rasande gode.
Det var rekruttane som starta dagen, og det var eit yrande liv rundt på banen, både i løp, hopp og kast. Førskulegjengen sprang berre 40 m. For mange var dette første gong dei var med på eit slikt stemne, og det såg ut som det var ei blanding av både fryd og spenning. Stor stas då Marte plasserte medaljen rundt halsen deira etter målgang.
Frå 6 – 10år vart det i tillegg til 40m tevla i lengde og liten ball.

Ei av dei aller yngste var Marley Teigen, 3år, som her stolt viser fram medaljen.

Tre spreke jenter i 10årsklassen er klare for start på 40, Frå venstre Cornelia Vassnes, Andrine Gokstad Møgster og Anna Grace Teigen.
Frå 11 år og oppover er det ordinære konkurranseklassar, der ein sorterer etter 1, 2, 3.
Her starta det med tekniske problem i tidtakarsystemet. Me skjemta med at det kunne vera «hekka». Kanskje er me ikkje langt frå sanninga. Helga før, då me var på Gneistspelen, var det òg hektisk aktivitet nett før start, då det viste seg at OpenTrack faktisk var «hekka» … og ikkje berre der, sjølvsagt, men andre stader rundt om i landet og verda òg.
Heldigvis er me alltid førebudde på at teknikken kan svikta, så solide tidtakarar var på plass og klare. Sjølvsagt er det elektroniske tider som er normalen no for tida, men det finst framleis statistikkar for manuelle tider, då ting som dette kan skje av og til.
Det blei mange svært gode resultat.
SPRINT
Friidrettsgruppa har plutseleg fått ei solid sprintgruppe, som no tel 5 solide ungdommar, to i 14-årsklassen og tre i 17-årsklassen.
I tillegg til Nour (14), som har vore med sidan i fjor, har me no med ein til i 14-årsklassen, og han er omtrent av same kaliber som Nour. Han heiter Domas Abazorius. Han debuterte på Gneistspelen helga før Austevollsmeisterskapet og gjorde solide løp på 60 m og 200 m, som begge fekk han inn høgt oppe på landsstatistikken. Dessverre pådrog han seg ei lita skade, så han måtte stå over denne helga.
Nour sprang inn til ei solid tid og ny pers på 7.5. Dessverre manuelle tider, men den beste tida i landet manuelt så langt i 14årsklassen.
Nour på topp med 7,5. nr. 2 Wojciech Hektor Wlodarczyk frå Os Turn.
Me hadde òg med ein fin gjeng som gjorde det bra i 12-årsklassen. Aksel, Alois og Hallvard
1. Aksel Haukanes Singdahlsen, 2. Alois Klavitter og 3. Hallvard Troland Aga.
Tre nye 17åringar som er svært ivrige på trening fortida var med… Luca Suyono Giseth, som debuterte helga før på Gneistspelen med fine resultat og debutantane Lucas Haukanes Solesvik og Kirils Fjodorovs. Desse ungdommane høyrer me garantert meir frå frammover. Kirils sikkra sigere med 11.8.
100m. 1 Kirils Fjodorovs 2. Luca Suyono Giseth 3.Lucas Haukanes Solevik.
Fin 600 m vart det òg, der 11- og 12-årsklassen sprang godt. Her var det òg med ein nykommar i friidrettsgruppa, Markus Imani Sommerseth, som dessverre måtte bryta denne gangen, men som me heilt sikkert vil sjå gode taktar frå framover.
TEKNISKE ØVINGAR
Austevoll har hevda seg godt i kulestøyt dei siste åra og hadde såleis med ein fin gjeng der.
Dei som har utmerka seg mest her det siste året, er brørne Augestad Gilborne. Denne gongen måtte Tor Sverre sjå seg slått av Johan Hånes frå Loddefjord IL, som fekk opp eit støyt på 10.47 i 13-årsklassen.
Sidan Domas ikkje kunne springa på grunn av skade, blei han med på kulestøyt og vann denne føre Wojieck og Nour i 14årsklassen. Hallvard Troland Aga deltok i 12-årsklassen.



KULESTØYTARAR: Bilete øverst til venstre Jonn Dagfinn G16, bilete 2 1.Domas 2 Wojieck og 3. Nour. Bilde 3. 1. Johan Hånes frå Loddefjord IL 2. Tor Sverre og 3.Henrik Nilsen Sagstad. Siste bilete Hallvard
Våre nye sprintarar i 17-årsklassen vart òg med i lengde, som dei syntest var kjempekjekt. Dei har allereie sagt at dei vil trena meir lengde med vår nye spesialtrenar i lengde, Brandt Klawitter.
nr 1 Luca 2. Kirils og 3. Lucas
På 3000 m senior vart det ein fin duell mellom brørne Halvard og Tobias Møgster Samland. Halvard spring for Gneist, medan Tobias spring for Bergen Triatlon Club. Halvard drog sigeren i land på tida 10.42.5.

Her Halvard øverst på pallen for 3000m Tobias var og med på 100m og lengde og har difor eit kilo med medaljar rundt halsen.
I tillegg sprang 2 veteranar, eller Masters som det så fint heiter no, Tor-Harald i menn 45 og Torunn i kvinner 45.


Torunn smelte til med 11.37.6. Årsstatistikken seier dette er best i landet i hennar klasse til no i år. Fantastisk … som vanleg. Tor-Harald kom og inn til ei fin tid.
Vår eigen Lars Henning Møgster stilte på 3 øvingar. Glad og fornøgd som vanleg. Her med medaljer rundt halsen.

TILREISANDE
Sjølv om dette er eit Austevollsmeisterskap, er det ope for tilreisande. Ein del tok turen. Her er nokre av dei
Gard Sandvik Bø frå Fitjar IL deltok på 100 m, der målet hans var å kvalifisera seg til Ungdoms-NM. Han deltok òg i kule.

Frida Korsan frå Idrettslaget Bjarg var med på 60m og


Helenea Wlodarczyk frå Os Turn deltok på kule,lengde og 60m medan Maria Hansen Korsan J15 deltok på 600m
Me viser elles til resultatliste. Her er linken
https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2026/NOR/5/event/