skip to Main Content

STAFETT FOR BEDRIFTENE I AUSTEVOLLSLØPET 17.10.2026

Vanlegvis er det papyrusrullar med forslag til budsjett kommunedirektøren leverer vidare til ordføraren. Men 17. oktober blir det ein ekte stafettpinne – med chip!

HEILE FOLKET I FORM! – STAFETT I AUSTEVOLLSLØPET 17.10.2026

Me arrangerer denne gangen stafett for bedrifter i Austevollsløpet. Ordførar og Kommunedirektør i Austevoll kommune er allereie klare til innsats.

Rammene for stafetten er svært fleksibel.

Bedrifta kan stila med så mange lag dei ønskjer. Eit lag kan ha opp til 5 deltakarar.

Me ønskjer å skapa ein folkefest, der hundrevis spring frå Kalve til Austevoll Idrettsanlegg, med ei ramme der publikum heiar langs løypa, gjerne med flagg og musikk.

Friidrettsgruppa i Austevoll Idrettsklubb har alliert seg med Hundvåkøy IL og Bakkasund Vel, som vil organisera vakter og aktivitet langs løypa på øyane sine.

På ein stafett slepp ein å springa heile 21km løypa sjølv. Her deler ein på moroa med opp til fire andre, noko som gjer dette overkomeleg for dei fleste.

Mottoet vårt er som de ser: «Heile folket i form!»

Det som er viktig når de tek ut laga, er at de først og fremst let dei som ønskjer å springa individuelt, få gjere det. Deretter kan de prøve å rekruttera dei som er att, til stafetten.

Slik fungerer stafetten

Løypa er vel 21 km lang. På kvart stafettlag kan det vere inntil fem utøvarar, og ein fordeler lengda på etappane slik ein sjølv ønskjer.

Til dømes kan éin springa 10 km og ein annan 1–2 km, medan dei andre deler resten. Eller ein kan dele det i ca. 4 × 5 km, og la sjarmøretappen vere dei siste 400 metrane rundt løpebanen. Ein kan og ha mindre en 5 delkarar på laget.

Ein anbefalt standar fordeling kan vera at ein vekslar med matstasjonane ca. kvar 5km. Dei som tek buss  blir sleppte av på vekslingsstasjonane og plukka opp av buss som kjem bakk feltet med løparar. Bussane går kl 11.45 frå Austevoll Ungdomsskule.

Fordelinga finn de nok ut av sjølve.

Alle som deltek på stafettlaget, får den flotte, spesialdesigna medaljen til Austevollsløpet, som viser Austevoll i havgapet og kor me spring.

 

Her kan de sjå løypetraseen for halvmaratonen (raud strek) og 5 km (grøn strek).

Austevoll Kraftlag er hovudsponsor for Austevollsløpet.

Dersom andre i næringslivet vil bidra med ein liten slump, vil dei bli nemnde og heidra i samband med premieutdelinga i Austevollhallen og seinare i media.

Friidrettsgruppa i Austevoll IK er den mest veksande gruppa i Hordaland Friidrettskrets. Me har òg fått ungdomar heilt i kretstoppen og landstoppen i kule, slegge og sprint. Rekruttgruppene våre er svært populære, og det kjem stadig nye utøvarar til friidretten.

Dette krev at me er meir aktive på reisefronten, både lokalt i fylket og elles i landet. Eit eventuelt overskot frå dette arrangementet vil difor bli brukt nettopp til dette. Me er difor svært takksame for å ha fått Austevoll Kraftlag som hovudsponsor.

Friidrettsgruppa kjem til å følgja opp med tilbod om treningssamlingar for folk flest, både unge og gamle, utover hausten og vinteren – ja, til våren og sjølvsagt.

Påmelding og informasjon

Her er lenkja for å melde på lag. Der finn de òg all informasjon om løpet, klasseinndeling og kven som allereie er påmeldt.

https://signup.eqtiming.com/arrangement/austevollslopet-med-innlagt-km-5km-og-halvmaraton-landevegslop/g295.54038?event=austevoll_lopet

Første steg er å få meldt på laga. Lagoppstillinga kan sendast til friidrett@aik.no seinast dagen før løpet, eller leverast når de hentar startnummer.

Eg vonar de tek dette på strak arm!

Her er ein fin dronefilm av løypa:

https://jottacloud.com/s/4795b2c1ba405774c58902d6ebdc5102488/thumbs

Høyre frå dykk. Gjerne slå på tråden.

Med venleg helsing

Svein Harald Haukanes
Austevoll IK Friidrett

90165709

Back To Top
Search