skip to Main Content

Velkommen til skøytetrening!

Sist vinter var me velsigna med mange flotte skøytedagar i Austevoll.
Veldig mange born og vaksne hadde mange fine opplevingar på isen både på dagtid og kveldstid.
Vert me like heldig denne vinteren? Me lever i håpet.

Tirsdag 6 oktober kl 16.30 – 18, startar me opp med skøytetrening på Austevoll Idrettsanlegg.

Me ynskjer både nye og «gamle» born velkommen.
Me har ei grense på 7 år og oppover, men har du eldre søsken som er med er me «runde» i kantane.

Er du ny som vil prøva, set me pris på om far eller mor vert med første gong.
Me held til i «speilsalen i 2 etg i hallen».
Første kvelden vert det litt orientering om korleis me har det i gruppa og kva som vil skje utover haust og vinter.

Velkommen
Skøytegruppa

Back To Top
Search