skip to Main Content
Symjarane I Storform

Symjarane i storform

Då har svømmegruppa i Aik deltatt på det første symjestemnet denne sesongen. Symjestemnet var Ado Open, som blei arrangert i Ado arenaen av Bergensklubbene. Her var det 34 klubbar som deltok over tre dager. Med store forbilete som Markus Lie og Susann Bjørnsen som også var med som deltakar, er det lett å la fokuset vera på dei. Men, med ei ny symjehall i Austevoll, var vi spente på om resultata av trening i 25 meters basseng hadde gjort seg gjeldande.

Og det viste seg ganske kjapt! I samtlige øvingar blei det satt nye personlege rekordar, heile 23 stykker. Dei mest imponerande rekordane er Linnea F. Heggland (14) med betring på 18,70 sekund på 200 meter rygg, Klara Nilsen (11) med 12,44 sekund på 200 meter fri, Louise Lund-Sivertsen (12) me d 18,17 sekund på 100 meter medley, Thea Johansen Våge (12) med 8,18 sekund på 100 meter fri, Maja Olsson Bjånes (13) med  4,03 sekund på 50 meter fri, Vegard Bruntveit (11) med 6,14 sekund på 50 meter fri, Mia Sørvik (11) med 7,71 sekund på 50 meter fri og Iselin Nord (11) med 8,83 sekund på 50 meter bryst.

Alle saman fekk nye personlege rekordar og alle deltok i nye og meir krevjande øvingar. Med berre seks diskvalifikasjonar på heile 53 øvingar, er vi utruleg nøgde.

I tillegg  fekk Maja, Thea og Louise med seg  heim seks plasseringsmedaljer tilsaman!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back To Top
×Close search
Search