Austevollsløpet 2023
JUBILEUM
Onsdag 9. august 2023 kl 18.00 er me klare for Austevollsløp nr. 40.
For å markera dette lagar me ein skikkeleg friidrettsfest på Austevoll Idrettsanlegg. Me tar to floger i ein smekk, og arrangerer Austevollsmeisterskap alle klassar med sprintøvingar, hopp og kast først, og følgjer så opp med Austevollsløpet til slutt.
Det heile startar kl 16.30 med Austevollsmeisterskap. Her startar me opp med Paraidrett 40m og kule, deretter får barnehage og førskulebarn springa 40m. Følgjer så opp med rekruttklassane 6-9 år, dei får springa 40m, hoppa lengde og kasta liten ball. Deretter er det barn 10-14 år, dei får springa 60m, hoppa lengde og kasta liten ball. Etter det er det ungdom 15 – 100 år sin tur. For dei har me 100m, lengde og kule. Når dette er unnagjort reknar vi med at alle, heile familien, er klare for Austevollsløpet. (Austevollsmeisterskapet…sjå anna innbyding, for meir info).
Austevollsløpet har gått på forskjellige plasser i kommunen opp gjennom åra. 1994 var toppåret for Austevollsløpet. Då, som no, var det start og mål på Austevoll Idrettsanlegg. Startar og premieutdelar den gang var ingen ringare enn Gerhard Heiberg, som var OL general i Lillehammer same året.. 242 deltakarar var med på løpet dette året. Målet i år må vel vera å prøva å toppa denne rekorden.
Sjølvsagt vonar me at det vil vera ein del lokale og tilreisande aktive som set full fart, men likevel vil me at dette og skal vera eit arrangement for heile familien. Me oppfordrar bedriftene i Austevoll og kommunen til å leggja dette inn i sine trim planar. Sjølvsagt inviterer me og andre organisasjoner og idrettslaga i kommunen. Sist, men ikkje minst, inviterer friidrettsgruppa alle dei andre gruppene i Austevoll Idrettsklubb til å delta.
I 1994 hadde me og ei kortare løype for barn, som me kalla Mini-Mini Maraton. Dette vil me gjenta i år og. I år får alle opp t.o.m 9 år delta her. Løypa startar på løpebanen og går ut porten i søre sving, fortset rett fram og går inn på fotballbane 2. Her går løypa vidare på asfalt vegen rundt banen for så å svinga ned til løpebanen igjen. Der fullfører ein resten av runden på løpebanen til mål. Løypa er 870m og oversikteleg slik at publikum kan sjå dei som er med stort sett heile løypa.
Austevollsløpet 2019. Alle 12 år og yngre får sin fortente deltakarmedalje
Her er Mini – Mini Maraton løypa i år:
Eit bilete frå startstreken på mini-mini maraton i 1994. Nokon som kjenner seg att?
Løypekart 5 km:
Løypa er sjølvsagt så flat som mogeleg, berre ein total høgdeforskjell på 41m. Me vonar at dette vil freista ein del resarar til å ta turen til Austevoll. Lokalt vonar me sjølvsagt å sjå mange mosjonistar. Ta med heile familien, barnevogn er lov. Dette kan bli ei fin aktivitetskveld for familie og vener. Me har familierabattar.
Her er klasseinndelingane:
Mini-Mini Maraton 870m
Jenter og gutar tom 9 år
5 km:
Jenter og gutar 10 tom 14 år
Ungdom Jenter og gutar 15 tom 19 år
Damer og Herrar 20 tom 34 år
Veteran D og H 35 tom 64 år
Veteranar Ekstra Moden D/H 65+
MOSJONSKLASSE
NYTT.NYTT.NYTT
Me inviterer Austevoll bedrifter, Austevoll kommune (forskjellege etatar) og ikkje minst politikarar. Me inviterer organisasjonar i Austevoll, fotballag frå Hundvåkøy, fotballag frå Selbjørn og alle gruppene i Austevoll Idrettsklubb til å delta.
Me veit at det er kort tid å organisera dette. Likevel reknar me med at desse er vane med å måtta ta raske avgjersler.
Det er anledning å markera seg på ein kreativ måte før start, under løpet og etter målgang. Kanskje midt i blinken for politiske parti no i valkampen (Ingen taletid)
Opp til 10 deltakarar 1000 kr
11 – 15 deltakarar 1200 kr
16 – 20 deltakarar 1500 kr
21 eller fleire 2000kr-
Alle på laga er sjølvsagt med i trekninga om å vinna sykkel og mange andre fine gåvepremiar. I tillegg trekkjer me ut ei bedrift, ein organisasjon, og eit lag frå fotball eller anna gruppe, som vinn eit års abonnement med «fysisk fostring» (grunnleggjande nøkkel kvalitetar tilpassa etter kva gruppe det er), sjå detaljer på Deltakar.no
Garderobar er tilgjengeleg i Austevollhallen
Påmelding kan gjerast på:
EQTIMING: https://live.eqtiming.com/65838#dashboard
Eller her på Deltager.no. https://www.deltager.no/register/Austevollslopet_1688810986
Me oppfordrar alle til å melda seg på på førehand, men det er og mogeleg å melda seg på same dagen frå kl 16 – 17.00 på Austevoll Idrettsanlegg dersom nokon skulle ha gløymt det.
Startkontingent er 50 kr for Mini-Mini Maraton. 5 km kostar 90 kr for born tom 14 år (f. 2009) og 180 for alle andre. Familierabatt kr 250 opp til 6 deltakarar.
Pengepremiar til dei 3 beste i klassane, Jenter/Gutar, Ungdom J/G, Damer / Herrar. Fine premiar til vinnarane i Veteran og Veteran Ekstra moden. Alle som deltar i Mini-Mini Maraton får deltakarmedaljar.
Vanlegvis får alle til og med 14 år den flotte Austevollsløpmedaljen, men sidan det er 40års jubileum får alle deltakarar denne medaljen i år.
Mange flotte premiar vert trekte på startnummer.
Hovudgevinst i år er ein Hybridsykkel til ein verdi av omkring 6000 kr. (Kan bytast i kva som helst til motsvarande verdi på XXL Lagunen.)
?
Litt om sykkelen:
Hybridsykkel til by- og pendling. Komfortabel og oppreist sittestilling. Lett og stiv aluminiumskonstruksjon. microSHIFT 1×9-gir. Clarks Clout hydrauliske skivebremser. CST Xpedium 700x38C-dekk. Vekt: Ca. 12 kg.
White SC Comp tar deg enkelt frem i byen, på landeveien og i enklere terreng- og grusstier. SC Comp er bygget med en lett og stiv aluminiumsramme med effektiv og komfortabel sittestilling som gir stabile kjøreegenskaper på variert underlag. Komfortabelt styre og justerbart styre-stem sikrer ytterligere komfort og gode justeringsmuligheter.
Premieutdelinga skjer i det sosiale rom i Austevollhallen ca kl 19.00. Der kan ein få god mat og drikke. Sidan det er 40års jubileum serverer me gratis kaffi, jubileumskaka og meir. Inngangsbilletten er startnummeret, som du leverer når du går inn i hallen, dette blir då med i trekninga av gåvepremiane.
I tillegg er det sjølvsagt mange andre fine gåvepremiar.
For tilreisande:
Ferje frå Krokeide: 16.25. Retur 20.55.
Ferje frå Sandvikvåg: 16.00 og 17.00 (framme kl 17.30) Retur 20.25 (ferja er gratis)
Me tek atterhald om ruteendringar.
Dersom det er noko ein lurer på kan ein ta kontakt med Svein Harald Haukanes på 90165709
Me gler oss til å sjå deg.