Idrettskule på Austevollbadet
Onsdag 5 Desember skal me ha idrettskule på Austevollbadet.(hallen er stengt)
Me har leid tid der 18-19.Hanne,Anne B og Alf Helge blir med denne dagen.
Me ønskjer at alle har med seg 1 foreldre ol denne dagen- desse har fri adgang til bassenget i lag med oss.
Om nokon har problem med dette,so ta kontakt med Anne B på 97614067
Me laga ei liste i resepsjonen på dei som går på idrettskulen.
Vaksne må dusja og vera i badetøy med borna.
Vaskerutiner i Austevollbadet:
Vask og skyll deg godt-naken.
Ta på badetøy og badehette(derson ein ikkje bruker badehette,må ein vaske og skylje håret før bad)
Ein aktiv time i bassenget
Etter bad er det anbefalt å berre skylja seg godt under vatn,utan såpe for å unngå kløe som kan oppstå når klor på huden møter såpe.
Tørk deg i dusj sona så det blir minst mogeleg vatn i garderoben
Håpa alle blir med denne dagen i bassenget.