skip to Main Content

Trygge vaksne gjer trygge barn – trygg på trening

Tysdag fekk me endeleg besøk av Marie Karin Dalsbø(Hordaland idrettskrets) og Trond Berge Høvik frå Smiso (senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland).

Hordaland idrettskrets har gått i samarbeid med Smiso og Redd barna for å gi klubbane kunnskap om overgrep. Dette konseptet er for å hjelpa klubbane med å laga etniske retningslinjer, beredskapsplanar og utdanningsopplegg i forhold til korleis idrettslaga kan møta barn og vaksne på best mogleg måte.
Dette har vore eit prøveprosjekt i Bergensklubbane.

Foredraget er blitt veldig populært, og det er venteliste langt ut på hausten 2019. Austevoll idrettsklubb har jobba lenge med dette og me blei utruleg glade når me fekk datoen. Me byrja å jobba med eit bra opplegg kor det skulle vera plass til alle. Tok kontakt med Stine Konradsen i Austevoll kommune, som var positiv til eit samarbeid om denne viktige saken. Målet er å verta ein klubb der  barna skal føla seg trygge, og der trenarane skal ha trygge rammer.

Invitasjonane gjekk ut til alle klubbane våre i Austevoll, som då inviterte videre i grupper og lag. Me hengde opp plakatar på butikkane, og inviterte alle i Austevoll til foredrag. Ca 55 personar møtte i kultursalen for å få med seg foredraget, og eg trur dei fleste fekk litt å tenkja på.

Trond er ein kar som ikkje pakkar inn saker og ting, men seier det slik det er.
– Kvar dag blir 6 misbruk innmeldt, men mørketala er høge.
– 2 av 10 jenter og 1 av 10 guter opplever seksuelle overgrep før fylte 18 år.
– Det viktigaste verktøyet ein over gripar har er bilen.
– Overgripar er i 85% av tilfella ein kjent person for barna.
– ca. 20-25 % begås av barn og unge
-Minst 18 av 54 sær forbund har handtert saker om seksuell trakassering og/eller overgrep sidan 2015

Vegen vidare for klubbane i Austevoll er at Hil, Sil og Aik lagar felles etniske retningslinjer og beredskapsplan . Deretter skal me ha eit fellesmøte etter dette er ferdig, der me legg fram det me har laga til. Denne dagen blir det ingen treningar, då trenarane har møteplikt.
Me vil takka Trond for at han vil dela engasjementet sitt ,og idrettskretsen for eit bra opplegg. Vidare vil me takka Austevoll kommune ved Stine for at du ble med på opplegget vårt. Takk til politiet og barnevernet for at de ble med oss denne kvelden, slik at de er litt med i prosjektet me jobbar med. Og til sist takk til alle trenarar og foreldre som kom denne kvelden.
Dei som ikkje kom gjekk glipp av eit ope og ærleg foredrag om eit tema me helst ikkje vil snakka om.

Målet er at i Austevoll ønskjer me ein trygg plass for alle barn og ungdommar, og dette kan me få til om me drar lasset saman.
I lag er me mykje sterkare.

Back To Top
Search