Gode resultat på Nornalekene
Det var god stemning og friidrett på høgt nivå i Leikvanghallen då Nornalekene gjekk av stabelen 19.-20. februar. Emma Katherine Solbakken Stuart var einaste deltakar frå AIK, men gjorde ære på klubben. Ho stilte i kule, 60m og lengde i klassen J10.
Sekstimeteren gjekk unna på 9,94 sekund, og Emma fekk med det beste tid av alle i sin årsklasse. Det gjekk like bra i lengdegropa, med 3,36 m som lengste hopp. Emma var ekstra spent på kulestøt, sidan ho berre hadde trent med appelsin på førehand. Men teknikken heldt i overgang til den 2 kg tunge kula, og Emma fekk til tre solide støt, med 4,85m som det beste. Berre Olivia Tomine Nordeng Johansen frå Nordre Fjell Friidrett kasta lenger – heile 5,21m.
Emma håper friidrettstreninga i AIK skal koma igang igjen, og at det blir fleire lagkameratar med på neste stemne. Og så gler ho seg til å trena på banen på Eidsbøen når han står klar til våren.