skip to Main Content

NY LEIAR I SVØMMEGRUPPA

Svømmegruppa i Austevoll idrettsklubb har fått ny leiar frå 15. mars 2022. Den nye leiaren er Cathrine Nøttveit. Ho har vore instruktør i svømmegruppa sidan 2016 og har vore med i styret sidan 2019. Cathrine kjem opprinneleg frå Vigrestad, men har budd i Austevoll sidan 2011. Ho er mor til to barn og jobber som styrmann hos DOF.

Linn B Våge som har vore leiar sidan 2018 vil fortsatt vera med i styret i svømmegruppa.

Cathrine blir den tredje kvinnelege leiaren i svømmegruppa. Mette Storebø var leiar fram til 2018.

Back To Top
Search