Ny UM kvalifisering langbane
Åtte austevollsjenter kvalifiserte seg og deltok på det internasjonale stemnet Bergen Swim Festival i helga. Mia Sørvik, Klara Nilsen, Silvia Hufthammer, Bertine Klæboe, Thea Våge, Julia Våge, Margrethe Karlsen og Liv Våge var alle med på fleire øvingar gjennom helga, kor fleire fekk nye personlege rekorder.
Thea, Klara og Silvia sumde seg inn til finaler allereie på fredagen, noko som er oppsiktsvekkande, då det er kun dei 16 symjarar med best tid som går vidare til finalen. Med internasjonale symjarar på høgt nivå som også er eldre, er dette ei sterk prestasjon!
Ikkje nok med det, men Thea Våge (15) og Klara Nilsen (15) fekk nye personlege rekorder som gav kvalifiseringen til langbane UM, ungdommens norgesmesterskap. Thea på øvingar 400 individuell medley med tida 5.28,65 og Klara på 50 meter rygg med tida 33,66.
Svømmegruppa er utruleg stolt og konkluderer med at auatevollingane held eit høgt nivå no. Tidlegare har Mia Sørvik, Klara Nilsen og Thea Våge kvalifisert seg til UM kortbane.