skip to Main Content

Deltaking i det internasjonale stemnet Bergen Swim Festival

Dei seks jentene Ida Elise Olausson Haukanes, Liv Våge, Lily English, Amanda Mortvedt Troland, Margrethe Karlsen og Julia Våge deltok i helga i det internasjonale stemnet Bergen Swim Festival. Dette er eit stort stemne der det var over 1000 utøvarar som var frå fleire ulike land. Store symjeprofiler som blant anna Henrik Christiansen var og med som utøvar.  

Austevoll idrettsklubb si symjegruppa har kvart år klart å kvalifisera seg til dette stemnet. I år var det desse seks austevollingane som kom seg gjennom nålauga. Ida, Amanda og Lily var med for første gong, medan dei tre andre jentene har vore med tidlegare.  

I dette stemnet er konkurransen i eit 50 meters basseng. Det går fort unna når heatene på 50 meter blir halde. Så fort at mange av symjarane ikkje fekk med seg at dei skulle stilla til start. Dette gjaldt heldigvis ikkje austevollingane.  

Det blei satt mange nye personlege rekordar, noko som gjer ein god peikepinn på at symjegruppa i Austevoll held seg framleis på eit høgt nivå. Dette er me sjølsvsagt utruleg stolte av og det viser berre at utallige mange treningstimar i basseng og på land, gjer gode resultat.  

Me gratulere desse flinke ungdommane! 

Back To Top
Search