Friidrettstrening startar opp igjen måndag 19.08.2024
Me ynskjer nye og gamle hjarteleg velkomne!
Friidrett har desse treningane:
- Barn til og med 4. klasse måndagar 18.00-19.00.
- 5-7 klasse onsdagar 18.00-19.00.
- Ungdom, (8. klasse +), vaksne og veteranar:
Måndag kl. 19.00-20.00
Tysdag kl . 18.00-19.00 Kuletrening.
Onsdag kl. 19.00-20.00
Fredag kl: 18.00-19.00
Me disponerer hall i tillegg til løpebane.
Friidrett er delt i 3 hovudgreiner: Løp, hopp og kast.
Austevoll Friidrett kan tilby instruksjon i følgjande:
Løp:
Sprinttrening (40,60,100,200,400), mellomdistansetrening (600,800,1000,1500) og langdistansetrening (2000,3000,5000,10000, halvmaraton, maraton). I tillegg tilbyr me hekkeløpstrening.
Kast:
For tida: Kule, liten ball, slengball.
Hopp:
Høgde og lengde med og utan tilløp.
I gruppene opp til 7. klasse er me innom, løp, hop og kast på kvar trening. Me har trening i Austevollhallen. Når været tillèt det vil me ha treningane på løpebanen, Austevoll Idrettsanlegg. Info vert sendt på melding før kvar trening.
For ungdom, vaksne og veteran har me sjølvsagt dei same tilboda som for barn, men me legg i tillegg meir vekt på hurtigheit, spenst, løpsteknikk, styrke, koordinasjon, fleksibilitet, stayerevne og kondisjon. Onsdag er det sprinttrening og/eller intervalltrening. Fredag er det fast intervall dag. Måndagar kjem me til å ha meir fokus på sprint. Tirsdag kast trening. Elles tilbyr me å laga opplegg for dei som vil trena meir på eiga hand i tillegg.
Dersom det er spørsmål er det berre å ta kontakt med underteikna.
Påmelding til dei ymse tilboda kan sendast til friidrett@aik.no
- Barn opp til 4.klasse
- barn 5 – 7 klasse
- ungdom, vaksne og veteranar.
Me treng:
Namn, adresse, fødselsdag/år, e-post og telefonnummer. For barn info om føresette.
Beste helsing
Svein Harald Haukanes
Leiar Austevoll Friidrett
90165709