skip to Main Content

Resultat Austevollsmeisterskapet

Austevollsmeisterskapet vart arrangert i strålande vær laurdag 31.08. 2024

Det vart eit meisterskap for dei aller minste…men og nokre veteranar. I aldersklassane 10 år og oppover var det heller tyn deltaking. Det var ein del kollisjonar. Ikkje mindre end 3 fotballkampar i aldersbestemte klassar vart arrangert samstundes. 2 av dei var set opp der me hadde stemne og ein på bane 2. Alle blei flytta til bane 2, men slike kollisjonar er ikkje bra i eit lite samfunn som Austevoll. Fotball- og Friidrettskretsen samordnar lister over arrangement allereie i oktober året før, så her har det nok skjedd ein glipp.

Likevel var det med totalt 60 deltakara, og mange var med på fleire øvingar. 111 startar vart det totalt. 20 funksjonerer såg til at alt gjekk rett føre seg, og sjølvsagt var det mange foreldre og bestefoeldre tilstades for å heia.

For første gang på lenge arrangerte med hekk. Det var Una Haukanes frå Gneist som sprang 100m HK. Tida vart 14,76. Una stammar frå Austevoll sjølvsagt. Ho deltok for ikkje lenge sida på Junior NM i Bodø der ho vann lengde og tok sølv på 100m og 400m hekk.

Mange fine resultat blant dei aller yngste og.

 

Her er nokre bilete og resultatliste.

RESULTATLISTE FRÅ AUSTEVOLLSMEISTERSKAPET 31.08.2024.

 

 

Back To Top
Search