LILY ENGLISH DELTOK I NORDSJØSTEVNET
I helga som var deltok 14 år gamle Lily English i Nordsjøstevnet som blei arrangert i Stavanger. Nordsjøstevnet er eit internasjonalt stemne som krev at ein må kvalifisera seg for å kunne vera med.
Svømmegruppa i Austevoll idrettsklubb har i fleire år no hatt deltakere med. I år var det berre Lily om klarte å komme igjennom nålauga og kvalifisera seg. Ho deltok i øvingane 50 og 100 meter bryst.
Lily har arbeida hardt og har hatt ei flott utvikling dei siste åra. Utruleg kjekt at ho får betalt for alle treningstimane ho legg ned i svømminga.
AIK svømmegruppen gratulerer Lily med flott innsats og gler seg til å følge ho med vidare.