skip to Main Content

Foredrag med Helge Brekke og Salum Kashafali i sosialt rom / hallen fredag 22.11.2024 kl 17.30

Helge Brekke har levd eit langt liv i teneste for barn og unge. Han har 20 utmerkingar internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Har blant anna fått Kongens fortenestemedalje, Frivilligheitsprisen Norge og han var kåra til rektoren med mest tillit i landet.
Med seg har han ein av dei fremste parautøvarane i landet Salum Kashafali.

Salum er paraolympisk meister og verdsmeister på 100m for svaksynte. I tillegg er han ein av dei raskaste i landet på 100m totalt. Det blir interessant å høyra korleis han har arbeidt for å oppnå slik suksess.

Dette foredraget handlar fyrst og fremst om kva som er viktig å vera oppmerksame på, og å ta omsyn til, for å ha det bra kvar dag, som idrettsutøvar og elles. Rutinar og måtar å tenkja på, som gjer at kvardagen både for barn, unge og vaksne blir så bra at den gjer best mogeleg grunnlag for å utvikla seg på alle områder i livet.

Foredrag for ungdomsskuleelevane:
Kl. 11.40 -12.30 8.+9.trinn
Kl. 12.40 -13.30 10.trinn

Foredrag for trenarar, lagleiarar, foreldre og andre i Sosialtrom / Austevollhallen.

17.30 – ca. 19.00.

Det er Helge Brekke som er mannen bak «Handbok for unge idrettsutøvarar og trenarar». Her har Helge fått samla eit stjernelag av artikkelforfattarar med fagfolk i ypparste klasse. Helge var først ute med å sjå idrettsutøvarar i ein sosial og miljømessig samanheng. Boka er eit «non-profitt» prosjekt, der eventuelt overskot går til vanskelegstilte born og unge, relatert til idrett.

Austevoll kommune har spandert denne boka på alle ungdomsskuleelevane og Idrettslaga/klubbane spanderer den på alle trenarar og lagleiarar. Dersom andre er interesserte i boka kan den kjøpast på arrangementet.

Arrangementet er ope for alle og er gratis. Me vil helst veta kor mange som kjem så send ei påmelding til lena.bjoroy@aik.no eller sms til Svein Harald Haukanes 90165709. Merk om du er trenar/lagleiar eller anna.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Det er Austevoll Idrettsråd som står som arrangør. 

Back To Top
Search