Gøy på skøyter!
Det er snart vinter og alle som er glad i å stå på skøyter kan gleda seg til kulde og is.
Har du lyst å læra å stå på skøyter?
Skøytegruppa i Austevoll Idrettsklubb startar opp med trening tirsdagar kl 16.30 – 18.00 i hallen på Eidsbøen. Mykje av treninga fram til isen kjem, vil gå føre seg i «speilsalen» i 2 etg i hallen, men det kan og vera at me nokre dagar samkjører treningane vår med friidrettsgruppa og eller at me er ute.
Fyrste trening vert TIRSDAG 26 NOVEMBER. Då ynskjer me og at ein eller begge foreldrene vert med for å få litt orientering om korleis me vil leggja opp treningane.
Primært vil me starta med born i alderen 6 – 12 år. Likevel, er du 5,5 eller 13 /14, er du og velkommen.
Me håper at mange vil møta opp for å sjå om dette er noko du har lyst til å vera med på. Husk at å vera med på/prøva ulike idretter er positivt og sunt for kroppen.
Me er glade for å kunna informera om at me har fått trenarar som har ei aktiv karriere bak seg.
De er veldig velkomne!
Kontaktpersonar:
Olav Njåstad – 95150577
Ida Berger Waage – 92051301
Harald Otterå – 91334072