skip to Main Content

Austevoll Friidrett 2022

Ein har som mål at Austevoll Idrettsanlegg skal vera ferdig til påske i år .Arbeidarane kjem tilbake når veret er brukande ,for å ferdigstilla anlegget.
Pr i dag har me berre Nina Møgster som trenar, og Ole Inge Møgster som leiar og styremedlem i hovudlaget .Me må prøva å få eit litt breiare team , slik at ein ikkje er så personavhengig for å kunne ha treningar og arrangement.
Svein Harald Haukanes har i 2021 vore ein pådrivar for å få til eit flott anlegg for oss .Han ønskjer å bidra litt i friidrettsgruppa i år, slik at me kan få til eit greitt tilbod i gruppa både på trening og konkurranse.
Me håpa å kunna verva foreldre, besteforeldre, gamle travarar og personar som brenn for friidrett til å vera med i teamet.
Informasjonsmøte/idémyldring Onsdag 02.02.2022 kl 19.00 Sosialt rom Austevollhallen.
• Friidrettstrening 2022-Trenarar
• Landslagets friidrettskule 2022
• Dommarkurs 11-12 Mars
• Trenarkurs (vil ha datoar klar til møtet)
• Arrangement 2022, som vi har registrert på terminlista
27.04 Seriestevne
06 og 07.05 Austevollsleikane
01.06 Skulemeisterskap
27.08.Austevollsmeisterskap
24.09 Austevolløpet

Det er ynskjeleg å setja ned komitear og grupper, slik at arbeidsmengda ikkje blir så stor på enkeltpersonar. Dess fleire vi er dess lettare er det å lukkast

Velkommen til alle som har lyst å bidra i friidrettsgruppa i 2022.

Back To Top
Search