skip to Main Content

Austevoll-Leikane 07.05.2022

Det var opningstale av Ingrid Danielsen Henriques frå kommunen og Nina Møgster frå Austevoll IK. Dessutan tala leiaren I friidrettskretsen, Peer Frode Jarnung, og tidlegare leiar i friidrettskrets og kretsen sitt anleggsutval, Helge Brekke, deretter klypte Nina Møgster snora og banen var opna under stor applaus.

Det er rundt 20 år sidan Austevoll idrettsklubb har arrangert nasjonalt stemne, og det var stas at det kom deltakarar utanfrå. Vi må spesielt takka Bjarg IL, som kom med ein stor delegasjon, i tillegg var det deltakarar frå Gneist IL, Os TF, Ask IL, IF Klypetussen,…men mest av alt sjølvsagt frå Austevoll IK som skulle feira opninga av den mye banen.

Det var no klart for 107 påmelde deltakarar til å prøvekøyra banen. Æra av å vera dei fyrste fekk paraidrettsutøvarane frå Austevoll, Yngvild Kjellevold, Lars Henning Møgster, Agathe Stangeland, og Aleksander Bjørnø, dei sprang 60m og støtte kule. Deretter var det rekruttane sin tur, 72 rekruttar som totalt deltok på 117 enkeltøvingar venta ivrig. I rekruttklassane er det slik at alle får deltakarmedalje.

Etter kvart var det klart for 11 år og oppover. Når ein er 11 år, får ein registrert plassering, og det er 1/3 premiering. Nokre seniorar og veteranar var og med. Vi hadde nok ein del veteranar frå Austevoll IK som sto og trippa og ville vore med, men dei måtte vera funksjonærar denne gongen.

Resultatliste

Back To Top
Search