skip to Main Content

AUSTEVOLL-LEIKANE SUNDAG 19. MAI 2024 KL 11.30

Vi inviterer til Austevoll-leikane, som er eit nasjonalt stemne. Stemnet vert arrangert på Austevoll Idrettsanlegg. Rekrutteringsklassar startar kl 11.30, medan stemnet elles startar kl 12.45.

Stemnet er ope for alle og me ynskjer rekruttar, gutar og jenter, kvinner og menn i senior- og veteranklassar hjarteleg velkomne.

ØVINGAR:

Jenter / gutar : Førskule 40m. (Premie til alle ved målgang.)

Jenter / gutar rekruttering  6 – 7 – 8 – 9 år: Liten ball – Lengde – 40m (Premie alle v/ målgang.)

Parautøvarar 60m – Kule

Jenter / gutar 10 – 14: 60m – 800m – kule – lengde

Jenter / gutar 15 – 19: 100m – 800m – kule – lengde

Kvinner / menn senior: 100m – 200m – 800m – 5000m – lengde – kule

Kvinner / menn veteran: 100m – 5000m – lengde – kule

Påmelding kan gjerast online på Isonen.no (https://isonen.no/event/clnvj8oq400ivdd01x4l4ghzu/ ), eller på e-post til austevollsleikane@gmail.com  Påmeldingsfrist er onsdag 15.05.2024. (Spørsmål? Ring 90165709 Svein Harald).

Ein kan betala startkontingent, som er 140 kr for kvar øving for 14 år og oppover, 100 kr for born under 14 år. Førskule og rekrutt 6-9 kr 50 til bankkonto nr. 3628.07.15179  eller Vipps nr. 91513, vel Friidrett. Når klubben meld på sender me rekning etterpå til dei.

Premiering: Rekruttering, 12 år og yngre, deltakarmedalje. Jenter / gutar 11 – 12 år medaljar til dei 3 beste ( + deltakarmedalje). Jenter / gutar 13 – 19, 1/3 premiering. Det vert gitt premiar for høgste poengsum i løp – hop – kast.

Senior / veteran: Fine premiar til 1/3, samt bestemannspremiar.

Vi ønskjer deltakarar og leiarar velkomne til Austevoll.

Ferje Krokeide – Hufthamar 09.40 (På plass 10.30) og 11.10 (På plass 12.00). Ferja er gratis

Ferje Sandvikvåg – Husavik 10.50  (På plass 11.30) Ferja er gratis.

Back To Top
Search