skip to Main Content

AUSTEVOLLSLØP NO.42 MED INNLAGT KRETSMEISTERSKAP I LANDEVEGSLØP 5 OG 10 KM LAURDAG 14.06.2025

Austevollsløp nr. 42, med innlagt Kretsmeisterskap i Landevegsløp 5km og 10km.
Laurdag 14. juni 2025 på Austevoll Idrettsanlegg
Kl 12.30 Mini-Mini maraton 870 m 0 -10år – Kl 13.10 5 og 10 km 11 år og oppover

I år har me teke på oss å arrangera Kreistsmeisterskapet i Landevegsløp 5 og 10 km. Her kan alle frå 11 til 100 vera med. 11 og 12år kan berre springa 5 km, alle andre kan velja. I sjølve Austevollsløpet vert det berre mosjonsklasse i år.

Austevollsløpet vart arrangert første gang tidleg på -80 talet. Då gjekk løypa frå Vinnes over brua og til skulen på Selbjørn. Sidan den gang har Austevollsløpet vore arrangert mange stader rundt i kommunen, siste over Austevollsbrua til Austevoll Idrettsanlegg. I 2022, då den nye løpebanen stod ferdig, blei det både start og mål på Austevoll Idrettsanlegg. Løypa er kontrollmålt og godkjend. Så løpet er nøyaktig 5 km, og sjølvsagt så flat som mogeleg, berre ein total høgdeforskjell på 41m. I år blir det berre mosjonsklasse i sjølve Austevollsløpet. Alle som vil konkurrera litt hardare anbefaler me å melda seg på i Kretsmeisterskapet 5km, eller 2 rundar i same løypa, 10km.

Me køyrer Mini-Mini maraton for dei aller minste til og med 10år. Denne løypa er 870m. Start kl 12.30. Løypa startar på banen og svingar ut porten i sør, deretter spring ein rundt fotballbane 2, så inn på banen igjen der ein tek til høgre og følgjer løpebanen inn til mål. Oversikteleg løype der ein kan sjå deltakarane frå målområdet nesten heile tida.

Her er klasseinndelingane:

Mini-Mini Maraton 870m
J/G 0 – 10 år Deltakarpremiar til alle.

5 Kilometer:
Austevollsløpet 5 km mosjonsklasse Deltakarpremiar til alle.

Kretsmeisterskapet  J/G11 og 12 år Medaljar til dei 3 beste

Kretsmeisterskapet 5 og 10 km:
J/G 13-14 år, J/G 15-17 år, J/G 18-19 år Medaljar til dei 3 beste
D/H 20-34 år Medaljar til dei 3 beste
DM/HM 35-39 år, DM/HM 40-44 år, DM/HM 45-49 år, DM/HM 50-54 år, DM/HM 55-59 år, DM/HM 60-64 år, DM/HM 65-69 år, DM/HM 70-74 år, DM/HM 75/79 år, DM/HM 80+…(DM/HM ER D/H VETERAN, NO MASTERS) Medaljar til dei 3 beste

ALLE MED STARTNUMMER ER MED I TREKNINGA AV FINE GÅVEPREMIER!

Garderobar er tilgjengeleg i Austevollhallen

Påmelding til Mini-Mini Maraton kan sendast på e-post til  friidrett@aik.no . Me treng fult namn, året dei er født, kjønn og klubb.
Påmelding til Austevollsløpet og KM 5 og 10 km kan gjerast på EQTIMING. Her er linken:  https://signup.eqtiming.com/?Event=Austevoll_lopet&lang=norwegian . Dersom spørsmål kontakt Svein Harald Haukanes 90165709

Startkontingent er: Mini-Mini Maraton GRATIS. For born tom 12 år 120kr og 200 kr for alle andre. Pris familie opp til 6 deltakarar 400kr.
Ferje frå Krokeide: 09.40. framme ca kl 10.30 eller 11.10, framme ca kl 12.00. Retur 14.55 eller 16.25
Ferje frå Sandvikvåg: 10.50. Framme litt før 11.30. Retur 15.15.
Me tek atterhald om ruteendringar. Dersom det er noko ein lurer på kan ein ta kontakt med Svein Harald Haukanes på 90165709.
Me gler oss til å sjå deg.

Back To Top
Search