skip to Main Content

AUSTEVOLLSLØPET 2024 SØNDAG 29.SEPTEMBER KL. 12.45.

Austevollsløpet 1994. Startar Og Premieutdelar OL-General Gerhard Heiberg

Velkomne til det 41. Austevollsløpet sundag  29. september 2024 på Austevoll Idrettsanlegg

Kl 12.45 Mini-Mini maraton 870 m 0 -10år  –   Kl 13.10 er det 5 km 11 år og oppover

Austevollsløpet vart arrangert første gang tidleg på -80 talet. Då gjekk løypa frå Vinnes over brua og til skulen på Selbjørn. Sidan den gang har Austevollsløpet vore arrangert mange stader rundt i kommunen, dei siste åra over Austevollsbrua til Austevoll Idrettsanlegg.

I 2022, då den nye løpebanen stod ferdig, blei det både start og mål på Austevoll Idrettsanlegg. Me følgjer nye trendar med kontrollmålte og godkjende løyper. Løpet er nøyaktig 5 km. Løypa er sjølvsagt så flat som mogeleg, berre ein total høgdeforskjell på 41m. Me vonar at dette vil freista ein del resarar til å ta turen til Austevoll. Vonar sjølvsagt å sjå mange mosjonistar og. Ta med heile familien, barnevogn er lov. Dette kan bli ei fin aktivitetsdag for familie og vener. Me har familierabattar. Oppfordrar bedriftene i Austevoll, organisasjonar og kommunen til å leggja dette inn i sine treningsplanar.

Me køyrer Mini-Mini maraton for dei aller minste til og med 10år. Denne løypa er 870m. Start kl 12.45. Løypa startar på banen og svingar ut porten i sør, deretter spring ein rundt fotballbane 2, så inn på banen igjen der ein tek til høgre og følgjer løpebanen inn til mål. Oversikteleg løype der ein kan sjå deltakarane frå målområdet nesten heile tida.

Her er klasseinndelingane:

Mini-Mini Maraton 870m

J/G 0 – 10 år

5 Kilometer

J/G 11 tom 14 år                                                                     Premiar til dei 3 best

Ungdom J/G 15 tom 19 år                                                        Premiar til dei 3 best

Damer / Herrar 20 tom 34 år                                                    Premiar til dei 3 best

Veteran D/H 35 tom 64 år                                                        Premiar til vinnarar

Veteranar Ekstra Moden D/H 65+                                             Premiar til vinnarar

MOSJONSKLASSE og alle andre:                                                Fine premiar trekte på startnummer.

Deltakarmedalje til alle!

Garderobar er tilgjengeleg  i Austevollhallen

Påmelding til Mini-Mini Maraton kan sendast på e-post til friidrett@aik.no eller ein kan melda seg på hos LetsReg her:

Austevollsløpet 2024 | AUSTEVOLL FRIIDRETT (letsreg.com)

Påmelding til 5 km kan gjerast på EQTIMING. Her er linken:  Austevollsløpet 2024 (eqtiming.com)

eller: Austevollsløpet 2024 | AUSTEVOLL FRIIDRETT (letsreg.com)

Startkontingent er: Mini-Mini Maraton 0.o.m. 10 år 100 kr, for born frå 11 t.o.m. 14 år 140kr og 240 kr for alle andre. Pris familie opp til 6 deltakarar 400kr.

 

Flotte premiar til dei 3 beste i klassane, J/G, Ungdom J/G, Damer / Herrar og premie til vinnarane i Veteran  og Veteran Ekstra moden.

I tillegg mange flotte gåvepremiar som vert trekte på startnummer.

Premieutdelinga skjer i det sosiale rom i Austevollhallen der det er kiosk med mange godsaker.

Ferje frå Krokeide: 09.40. framme ca kl 10.30 eller 11.10, framme ca kl 12.00. Retur 14.55 eller 15.40

Ferje frå Sandvikvåg:  10.50. Framme litt før 11.30. Retur 15.15.

Me tek atterhald om ruteendringar.                                                                                                                                          Dersom det er noko ein lurer på kan ein ta kontakt med Svein Harald Haukanes på 90165709.

Me gler oss til å sjå deg.

Back To Top
Search