skip to Main Content

Austevollsmeisterskapet 9-10. august og 40års jubileum for Austevollsløpet 9. august 2023

For første gang  arrangerte me  Austevollsmeisterskapet og Austevollsløpet same dag.

Eit besøk av ekstremværet «Hans» gjorde det litt vått og krevjande både for deltakarar og arrangør. I tillegg til dette hadde me litt vanskar med ei datamaskin som laga trøbbel i listene våre.  Det vart difor litt forseinkingar undervegs, som ikkje er triveleg i eit slikt vær. Austevollsløpet kom difor i gang 15 minuttar etter tida.

Då alle var komne i mål, og under tak, og klare for jubileumskake og premieutdeling var det likevel svært god stemning i det sosiale rom i Austevollhallen. På premiebordet var det mange fine  gåvepremiar frå sponsorar som støtta oss år etter år,denne gangen og nokre nye.

Sidan det var jubileumsår for Austevollsløpet fekk alle som deltok Austevollsløpmedaljen. I tillegg fekk dei 3 beste i kvar av dei aktive klassane gåvekort. Gåvepremiane, med sykkel som toppgevinst, vart trekte på startnummer, så alle deltakarar hadde same sjanse til å vinna desse. I tillegg var funksjonærane med i denne trekninga. Dette har me gjort dei siste åra, for å visa vår takksemd til funksjonærane som alltid stiler opp når det trengs. Rundt 30 funksjonærar var med på arrangementet. Stor takk til alle.

På trass av været var det med rundt 50 deltakarar i Austevollsmeisterskapet. Mange av desse var med på fleire øvingar og me hadde til saman rundt 100 startar fordelt på dei ymse øvingane. Her var det klassar frå barnehage alder 3-5år, rekruttklassar 6-9år og gutar og jenteklassar frå 10 til 19 år. I tillegg til våre eigne var det med ein fin delegasjon frå Fitjar IL, frå Stord IL, Gneist og Eik. Mange fine resultat, sjølv om været som sagt var litt gufse og vått, noko som gjorde det vanskeleg å halda papira til funksjonærane tørre. Øvingane det blei konkurrert i onsdagen var 40m ,60m, 100m, lengde, liten ball og kule. Dei lange løpa, 800m, 3000m og høgde blei arrangert neste dag sidan første dag skulle avsluttast med «Mini Mini maraton» 870m, og Austevollsløpet som er 5km.

Ikkje så mange deltakarar på torsdag, men nokre fine resultat. 3000 hadde berre ein deltakar, som var 15 år gamle Daniel Wasbø frå Gneist. Han sprang inn til ei solid tid. 10.00.27. På 800m vil eg spesielt nemna Harald Waage Haugland frå Austevoll som sprang inn til 2.53.88 i 12års klassen.

Austevollsløpet starta med Mini Mini maraton som er 870m for dei aller yngste, opp til 9år. Deretter starta 5 km med mosjonsklasse, gutar og jenter 10-14år, gutar og jenter 15.19 år, senior, veteranar 35-64 og veteranar +65 ekstra moden.  TIL saman var det 53 deltakarar som fullførte.

Vinnaren uansett klasse, var i år som i fjor Sondre Haukanes frå Gneist  (stammer frå Austevoll). Han er 15 år og sprang på 17.04, som er ei fin tid i det litt sure været. Nummer 2 blei Morten Tengesdal, Eik. Han vann seniorklassen på 17.10. Vinnar av dameklassen vart Maren Rydland frå Fitjar IL, som er 15 år og fekk tida 22.16.

Elles var det mange fine tider i veteranklassane. Bra at folk held seg i form!

Ei stor takk til alle deltakarane, som stilte opp på tross av været.

Tusen takk til alle funksjonerer…

Og sist men ikkje minst takk til alle bedriftene som gav gåvepremiar.

Desse er:

Europris Austevoll, Extra Storebø, K. Halstensen, Husfliden, Bekkjarvik blomster, Sport Outlet Austevoll, Elholm, Bekkjarvik sport og fritid, Bilvask 24/7, Aroi, Egon Lagunen, Smakeriet Bekkjarvik, Comfort Hotel Bergen Airport.

Den heldige vinnaren av sykkelen blei Julie Bjørklund.

Vedlagt finn de resultatlister.

RESULTAT AUSTEVOLLSMEISTERSKAPET 2023

RESULTAT AUSTEVOLLSLØPET 2023

 

Back To Top
Search