FEM AUSTEVOLLSJENTER I LÅMØ-DELTAKING – MIA OG KLARA VIDARE TIL ÅM
Fem jenter frå Austevoll symjegruppe kvalifiserte og deltok på Låmø Vest (Landsdels årsklassemesteskap) i Bergen 17. – 19. mars. Austevollingane stilte i årsklassane fødde i 2007 og 2009. Mia Sørvik og Klara Nilsen i 2007 klassen, medan Margrethe Karlsen, Liv og Julia Våge deltok i 2009 klassen.
For å kvalifisera seg til Låmø, må ha gyldig tid i fem ulike øvingar. Desse er 200 meter bryst, 200 meter medley, 200 meter rygg, 100 meter butterfly og 400 meter fri. I tillegg må ein vera samanlagt blant dei 24 beste tidene i vest, det vil sei Vestland og Rogaland fylke.
Jentene satt heile 15 nye personlege rekordar og klatra godt opp på listene. Så gode tider at det resulterte i at Mia og Klara kvalifiserte seg vidare til ÅM (Årsklassemønstring). For å kvalifisera seg til ÅM må ein vera blant dei 30 beste i landet. Her er Mia rangert som nr åtte og Klara som nr ni.
Gjett om symjegruppa er stolte av desse fem jentene! Vi gratulerer så mykje og ønskjer Mia og Klara lykke til i ÅM.