skip to Main Content

FOR EIN BANK!

Heile 5 Tildelingar Til Austevoll Idrettsklubb

Var så heldig å vera «stand in» for Lena på ein tildelingsfest i Sparebanken Vest i går.

Som gamle folk flest var eg litt tidleg ute. Dørene til banken spratt opp automatisk, som dei skal, og der inne sto 4 smilande damer. Eg steig inn i lokalet som første mann… litt tidleg ute, sa eg, med ein unnskyldande tone. Det er fint sa dei, og tilbydde meg kaffi og kaker. Du skal opp fleire gongar i dag du sa dei smilande. …eg spurte ikkje meir, men tenkte …oy, me har fått eit prosjekt til innvilga då, forsynte meg med kaffi og sette meg ned. Folk strøymde på og snart var me ein heil gjeng, som representerte ein god del frivillige organisasjonar, som alle hadde sendt inn søknadar til banken.

Som den forsiktige mannen eg er sette eg meg på bakre benk og nippa litt til kaffien mens eg venta.

Så var me i gang.

Banksjef Mona Helen Vikøyr ønska velkomen før Ragnhild Bjånesøy sette i gang med utdelingane.

Austevoll IK har fått tildelt 75000 til oppblåsbare 3ar banar og mål laud det frå podiet. Opp spratt eg, som første mann til å ta imot bevis på tildelinga, ein flott innramma «diplom» med namn og beløp. Eg takka og bukka. Dette blir fantastisk bra for dei minste i klubben.

På plass på stolen att fortsette utdelinga. Eg hadde ikkje fått summa meg før eg høyrde Austevoll Idrettsklubb igjen. Denne gongen var det tildeling til nytt låsesystem og kompetanseutvikling til den nya klatreveggen, 50000.

Tilbake på stolen sat eg og smilte og tenkte at I år har me vore heldige som har fått pengar til 2 prosjekt. Eg fekk ikkje tenkja lengje før eg høyrde Austevoll Idrettsklubb igjen. Stjernelaget hadde fått tildelt 20000 til landssamling i Bodø. Eg vart kalla opp til podiet igjen. Så viste det seg at me heldigvis hadde ein frå stjernelaget til stades, og det var Aleksander Bjørnø. Aleksander er ein aktiv kar og har i tillegg til å spela på stjernelaget delteke på stemner i friidrett og.  Sjølvsagt var han den rette til å ta imot prisen og det gjorde han på ein glimrande måte.

Tre prisar, dette blir stas å fortelje til dei andre i klubben etterpå, tenkte eg…

No var eg ganske avslappa og trygg på at jobben var gjort. Eg følgde med på tildelingane til alle dei andre flotte prosjekta det vart delt ut pengar til.

Utdelinga gjekk mot slutten . Eg sat og summerte opp i hovudet denne flotte tilstellinga, der så mange fine prosjekt i kommunen hadde fått støtte. Eg tenkte på det rørande innlegget representanten for Austevoll Rød Kors hadde då dei tok imot tildelinga for deira prosjekt, Hjarterom. Dei deler ut mat og gåver til folk som ikkje får endane til å møtast. Det blir fleire og fleire som er i den situasjonen no for tida. Ofte går dette ut over barna. Dei har kanskje ikkje råd til å vera med på aktivitetar som idrett og anna. Eg tenkte at det er viktig å få med her i dette takkeinnlegget at me i Austevoll Idrettsklubb, og dei andre idrettslaga, har ordningar der akkurat desse kan få vera med gratis. Det er berre å ta kontakt med dagleg leiar. Alt er konfidensielt, berre dagleg leiar som kjem til å veta. Austevoll Idrettsråd refunderer desse kontingentane til idrettslaga frå ein pott dei får frå kommunen… Ja,…no må eg hugsa å be kommunen om å auka denne potten…

…akkurat då eg var ferdig med denne tankerekkje høyrde eg Austevoll Idrettsklubb vart ropa opp igjen. Med vantru såg eg opp mot podiet. Jau, eg skulle opp enno ein gang. Denne gang fekk klubben tilskot til ny stasjoner datamaskin til det elektroniske tidtakaranlegget. Den gamle er nok minst 20-30 år gamal og nektar å ta ned oppdateringar lenger. Elektronisk tidtaking må til når ein arrangerer stemner no til dags. Etter me fekk den fine nye løpebanen på plass i fjor har me igjen ein internasjonalt godkjent bane. Alle stemnene me arrangerer er approberte. Dette vil seia at resultata blir godkjende og kjem inn i landsstatistikkane for aldersbestemte klassar, senior og veteranar. I ein 14 årsperiode på -80 -90talet, hadde Austevoll Friidrett, 84 resultat blant dei 10 beste i landet i aldersbestemte klassar, 14 av desse var nr. 1 i lande, 14 nummer 2 og 7 nr. 3. På denne tida var det berre 4000 innbyggjarar i Austevoll. Det vrimla med talent her før i tida og det veit eg det gjer i dag og. Difor er målet vårt å byggja opp friidretten i Austevoll til det han var. Då treng me blant anna denne datamaskina. Me takkar stort.

…på veg ned frå podiet etter å ha motteke denne fine gåva stoppa Ragnhild meg…Det er meir! forbausa gjekk eg tilbake.. Austevoll Idrettsklubb har fått tildelt 350000, til nytt lagerbygg i nordre sving av løpebanen. Dette er den største utdelinga i dag, sa ho. Eg viste ikkje lenger kva eg skulle seia. Heilt fantastisk. No blir det plass til å lagra utstyr på ein trygg og tilfredsstillande måte.

FOR EIN BANK! I løpet av ein halvtime dela dei ut nærare ein million kroner til gode prosjekt i Austevoll. Over ein halv million fekk Austevoll Idrettsklubb. Dette ser me på som ei stor tillitserklæring, og ei stor oppmuntring til alle dei frivillige som ligg ned utruleg mange timar for at barn, ungdom og vaksne skal ha eit allsidig og godt tilbod her i Austevoll.

Me takkar Sparebanken Vest igjen på det varmaste, og kan anbefala denne banken til alle…ikkje berre delar dei ut til friviljuge organisasjonar i kommunen, men dei deler ut overskot til alle som er kundar i banken og!

Til alt hell stilte eg i joggesko i går…litt gangsperr i dag, men det er det verdt…

Me ynskjer alle ein strålande dag.

Beste helsing

Svein Harald Haukanes

Back To Top
Search