skip to Main Content

Gåvedryss frå SPV

Ein lokalbank er alltid kjekt å ha ,og me er veldig glad for at me har Sparebanken Vest i Austevoll.
Me har i sommar skifta golvet i Austevollhallen , og her har klubben gått inn med 1/3 av kostnadane til dette.
Me søkte Sparebanken Vest om midlar til oppussinga av hallen  ,og fekk tildelt 30 000 kr.
Spv var raskt ute å oppretta eit koronafond på 100 millionar. Her skulle lag og organisasjonen kunne søke om støtte, og ein del av laga i Austevoll søkte.
Austevoll Idrettsklubb søkte om støtte, og fekk kr 68 000 av desse midlane .Dette er komet godt med , då mange av våre grupper mista store deler av inntektene sine.
Me vil sei tusen takk til Sparebanken Vest for støtta også i år.

Back To Top
Search