skip to Main Content

Helga fekk årets frivilligprisen

Helga Fekk årets Frivilligprisen

Årets mottakar av frivilligprisen i Austevoll Kommune er Helga Rabben.
Ho byrja som trenar for trimgruppa til Austevoll Idrettsklubb i 1979, og har vore primus motor sidan den gong. Ho har gjort ein ekstraordinær innsats for frivilligheita, skapt treningsglede og aktivitet. Fortsatt er det fast dametrim torsdag klokka sju og trimdamene var sjølvsagt til stades for å takke Helgemor. Ein veldig velfortent pris til ei fantatisk eldsjel! Gratulerer så mykje!

Om de lurer på kven denne gjengen er,so kan de lesa under.
Dei trenar i speilsalen i Austevollhallen kvar Torsdag om nokon vil vera med.

Dametrimmen 2020
Du må møte trimdamene
Aud og Kari, Svanhild og Svanhild, Hilde og Sønnev,
Laila og Ingegjerd, Helene, Eli og Helga
Trimmen har gjort underverk med oss
Den har bore oss fram
i tiår etter tiår
og ført oss fram
gjennom melodi etter melodi og program etter program
Me har heldt ut med det meste av byggjing og fornying.
De må møte oss
Me er mellom 60 og 78
Me tar i alt me orkar,
til og med no når koronaen herjar
Aldri kviler me i motbør og strid
Det blæs i treningskleda våre
so at me hopper og sprett i ein time torsdag etter torsdag
Trimmen blæs liv i kroppen vår
sjølv no lenge etter at me tok til å trene etter musikk.
Tøffe og spreke kvinner er me, trossar alder og slikt.
Sjå på oss kor spreke me er.
Back To Top
×Close search
Search